Den største SNR-kontrakten er signert
Onsdag den 30. juni signerte Helse Møre og Romsdal kontrakt med HENT AS om fundamentar, råbygg og tett bygg for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Kontrakten har ein verdi på over 800 mill. kr. inkl. mva.
- Det er ein viktig milepæl for Helse Møre og Romsdal å signere den største enkeltkontrakten for SNR-prosjektet. Eg er særs glad for at vi kan ønskje HENT velkommen med på laget. Kontrakten sikrar at det nye akuttsjukehuset på Hjelset vil begynne å reise seg i år som planlagt, seier Øyvind Bakke, Adm. Dir i Helse Møre og Romsdal.
God konkurranse
Kontrakten med Hent AS er den niande kontrakten SNR-prosjektet inngår i vår. To tilbydarar deltok i konkurransen og Åsen & Øvrelid AS og Hent AS leverte begge sterke tilbod. Hent trakk det lengste strået i evalueringa av tilboda som blei målt på kvalitet og pris
- Vi er både stolte og audmjuke over å få tildelt eit slikt viktig oppdrag. Prosjektet er godt utgreidd, og vi ser no fram mot ein kort samspelsfase og deretter byggestart til hausten. Vi er allereie involvert i fire andre sjukehusprosjekt, og erfaringane frå desse vil vi sjølvsagt ta med oss inn i dette prosjektet, seier konsernsjef i HENT Jan K. Jahren.
- Vi ser fram til å samarbeide med HENT som har brei erfaring frå fleire sjukehusprosjekt, mellom anna UNN i Narvik, Østmarka akuttpsykiatri i Trondheim og LHL-sjukehuset på Gardermoen, seier Bakke.