KAG

Opningsseminar Klinisk akademisk gruppe (KAG) for myelomatose

Hematologimiljøet i Midt-Norge fekk i vinter tildelt status som KAG og opnar formelt med eit seminar for både helsepersonell og pasientar 26. aug kl 13-15.

Publisert 25.08.2021
Sist oppdatert 18.08.2023
CAG Myelomatose, nestleiar Therese Standal og leiar Tobias S. Slørdahl
CAG Myelomatose, nestleiar Therese Standal og leiar Tobias S. Slørdahl

​Myelomatose er den nest vanlegaste blodkreften i Norge og rammar 470 nye pasientar årleg. Median overleving frå ein får diagnosen har auka dei siste tiåra, men er framleis berre 5-7 år. Pasientane opplever alvorleg sykelighet gjennom sjukdomsforløpet og det er derfor eit stort behov for ny og betre behandling.

Ei klinisk akademisk gruppe er eit samarbeid mellom klinikarar og forskarar ved alle helseføretaka i regionen, NTNU, brukarrepresentantar og industri.

Hensikta med samarbeidet er best mogleg behandling av myelomatosepasientene i regionen med ei rekke kliniske og translasjonelle forskingsprosjekt, skiping av Myelomatoseregisteret i Midt-Norge og eit eige undervisningsprogram om myelomatose i regionen for pasientar, pårørande, sjukepleiarar og legar.

Les meir om kva KAGen skal arbeida med her.

Formelt opningsseminar

Det vil vera ei formell opning av KAGen torsdag den 26. august klokka 13.-15.

Dette er ope for alle som er interesserte og innlegg vil vera tilpassa alle tilhøyrarar (pasientar og helsepersonell).

CAG myelomatose seminarprogram.png

Alle som ønsker kan delta via følgjande lenke via Zoom:
https://NTNU.zoom.us/j/95245689003?pwd=cnBWZFdXbWhaQnZGTW5YODV1WHBXUT09  (Passcode: 183231)

Eller følgje livestream via vår Facebookside:
https://www.facebook.com/myelomatose  

​KAGens leiargruppe består av:

Tarjei Skeide Rønning (Kristiansund),
Eivind Ottersen Samstad (Ålesund),
Håkon Lunde Helgesen (Molde),
Elin Osvik Velle (Volda),
Øyvind Hjertner (St. Olavs hospital),
Stine Marie Sundt-Hansen (St. Olavs hospital),
Magne Børset (NTNU),
Vidar Stavset (Levanger),
Therese Standal (NTNU) - nestleiar
Tobias S. Slørdahl (St. Olavs hospital) - leiar