Pasientane er godt fornøgd med telefon- og videokonsultasjonar

98% av pasientane som har gjort videokonsultasjon hos Helse Møre og Romsdal gjer det gjerne igjen. Det viktigaste argumentet for pasientane var å unngå reisetida.

Publisert 18.11.2021
Sist oppdatert 04.09.2023

Diagram frå undersøkinga som viser at pasientane er svært tilfredse både med stadleg- video- og telefonkonsultasjon.

Undersøkinga syner at pasientane er svært tilfreds med både stedlige og digitale poliklinske konsultasjonar.

Helse Møre og Romsdal har nyleg gjort ei spørreundersøking til 3.000 pasientar som har vore til poliklinisk konsultasjon hos helseforetaket. Målet med undersøkinga var å evaluere dei polikliniske konsultasjonane.
- Undersøkinga syner at videokonsultasjonar er godt likt av pasientane. 98% av dei som gjennomførte ein videokonsultasjon vil føretrekkje videokonsultasjon også om konsultasjonen skulle gjennomførast på nytt, seier innovasjonsrådgivar Christer Jensen i Helse Møre og Romsdal.

Jensen fortel vidare at nær halvparten av pasientane svarar at grunnen til at dei valgte videokonsultasjon var for å unngå unødig reisetid. Dei tok også fram at dei ikkje miste arbeids- eller skuletid. Pasientane som valgte telefonkonsultasjonar er generelt noko eldre enn dei som valgte videokonsultasjonar, men også her syner svara at mange velger dette for å unngå unødige reiser og tap av arbeids- eller skuletid.
 
Av dei pasientane som møtte til ein fysisk konsultasjon, så svarte 7% at dei sjølve føretrakk fysisk oppmøte sjølv om det ikkje var naudsynt. Vidare svarte 5% at fysisk konsultasjon burde vore erstatta med til dømes video, telefon eller skriftleg digital kontakt.
- Pandemien har medført stor bruk av digitale konsultasjonar, men fortsatt svarar over 27% av pasientane at dei ikkje kjenner til at Helse Møre og Romsdal har tilbod om telefon- og videokonsultasjonar, opplyser innovasjonsrådgivar Jensen. 
 
Jensen legg til at det er gledeleg å sjå at pasientane er svært nøgd både med dei fysiske og dei digitale konsultasjonane. På ein skala fra 1 til 5 scorar pasientane 4.5 på fysiske konsultasjonar og 4.3 på video- og telefonkonsultasjonar.