Tre prosjekt i Helse Møre og Romsdal fekk tildelt regionale forskingsmiddel

I alt 190 søknadar kjempa om dei regionale forskingsmidla utlyst frå Helse Midt-Norge RFH (Samarbeidsorganet) for 2023. Resultatet av denne skarpe konkurransen blei kunngjort torsdag 3. november, kor 64 søknadar fekk tildelt forskingsmidlar.

Publisert 11.11.2022
Sist oppdatert 06.02.2024
En gruppe mennesker som smiler
Regionale forskingsmiddel til Bente Fennigje Annemarie Bruijn (v), Åse Turid Rossevatn Svoren og Jorunn Sandvik (h) 

"Frå Helse Møre og Romsdal var det i alt sju søknadar. Heile tre av desse fekk tilslag, eit sterkt døme på at dei hadde noko ekstra i høve til dei mange andre gode søknadane som ikkje fekk tildeling" seier forskingssjef Dag Arne Lihaug Hoff. Følgande søkarar og prosjekt frå HMR fekk tildelt forskingsmidlar:  

  
Bente Fennigje Annemarie Bruijn, overlege ved fysikalskmedisin og rehabilitering 
Five-year outcome after moderate and severe traumatic brain injury: a cohort study. Doktorgradsstipend - kjent kandidat - Klinikk for kreft og rehabilitering  

Åse Turid Rossevatn Svoren, overlege kvinner, barnemedisin og habilitering 
Characterization of the immunological and vascular effects of aspirin in prevention of preeclampsia in high-risk nulliparous women . Doktorgradsstipend - kjent kandidat - Klinikk Ålesund sjukehus 

Jorunn Sandvik overlege kir.avd. gastroenterologi, forskar fagavdelinga 
Kroniske magesmerter etter fedmekirurgi - hvilken rolle spiller tarmmotilitet, tarmflora og blodsukkervariasjon? Doktorgradsstipend - ukjent kandidat - Klinikk Ålesund sjukehus  

I tillegg er det miljø i Klinikk Ålesund sjukehus - barneavdelinga, som er assosiert i prosjekt som har fått tildeling. 
Elisabeth Siebke, klinikksjef ved Klinikk Ålesund sjukehus, seier at ho er "utruleg  stolt av at 2 søkera i vår klinikk kom gjennom nåløyet blant så mange! Dette viser høgt  fagleg nivå i våre einingar".   


Tildeling av regionale forskingsmidler helse-midt.no