Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

– Denne mora skal sleppe å vere koordinator framover!

Sitatet kjem frå ein tilsett i Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) for fleire år sidan. Under eit møte i samband med behandling i institusjon opplevde Marit V. Engeset å få anerkjenning for rolla som pårørande. Ho hadde sjølv vidareformidla informasjon mellom ulike instansar. No kunne ho berre vere mor, som var meir enn nok.

Publisert 17.10.2023
En person som smiler for kameraet
Marit V. Engeset

​Slik vart det ikkje.  

Dette jobbar prosjektkoordinator for Barn og unges helseteneste, Toril Kvisvik, for å endre.  

​Framover skal tilsette frå Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) og kommunar i Møre og Romsdal samarbeide tettare.  – Det kan utgjere ein enorm forskjell og forebygge at tilstanden blir meir alvorleg, seier Marit V. Engeset. 

Deler historiene til hjelp for andre  

Et par kvinner smiler
 Marit V. Engeset og Marie Gjengstø

Saman med Marit har også Marie Gjengstø stilt opp for å dele si historie.  

Marie fekk diagnosen Asperger syndrom først som 23-åring og skulle ønske ho hadde fått hjelp tidlegare.  

​–  Det var tøft å gå gjennom heile oppveksten uten diagnosen. Når eg først fekk hjelp kjentes det ut som livet mitt starta heilt på nytt. Eg fekk verktøy til å handtere kvardagen. Hadde eg fått hjelp tidlegare kunne eg kanskje deltatt i eit ordinært arbeidsliv no. Eg håpar at eg får det til ein dag, seier ho.  

Samhandling til det beste for alle

I løpet av hausten skal sju forløp innan dei vanlegaste psykiske helseutfordringane for barn og unge implementerast.  

Forløpa er som eit slags kart eller rettesnor som beskriv kva dei ulike tenestene skal innehalde.  

I tillegg har kommunane Molde, Ålesund og Volda sagt ja til å prøve ut noko som blir kalla dialogbasert inntak. Det går ut på at tilsette frå både BUP og kommunen møtest for å drøfte tilvisingar, der ein ikkje er sikre på kven som skal følge opp barnet eller ungdommen. På denne måten skal fleire få raskare hjelp, færre skal oppleve avslag frå BUP eller å bli kasteballar i systemet.  

«Rett hjelp – på rett stad – til rett tid» er målet for Barn og unges helseteneste. Det skal skje gjennom å sikre samanhengande tenester mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.  

– Det som i utganspunktet er ein «lett» diagnose kan ende opp som ein meir alvorleg diagnose i BUP på grunn av lang ventetid. Det vil vi prøve å unngå, seier Kvisvik.  

​Eit spindelvev av tenester som sikring

Noen få kvinner som står utenfor
Frå venstre: Toril Kvisvik, prosjektkoordinator for Barn og unges helseteneste, Marie Gjengstø og Marit V. Engeset

Marit kjente på mykje fortviling under oppfølginga av dattera. I periodar vart ho sjølv sjukmeldt. Både ho og Marie har fleire innspel til kva som kan gjerast.  

– Offentlege instansar må hjelpe foreldra meir enn å oppfordre til å «lese på nett». Det er også viktig med jevnlege møter for å sikre viktige overgangar, for eksempel ved skifte av skule, fortel Marie.  

Både Marie og Marit er enige om at samarbeid og forebygging er nøkkelen. Dei skulle også ønske at det var meir helsefagleg personell på skulane. – Det kunne bidratt til å fjerne stigma ved å reise vekk for å få hjelp og forebygge meir alvorlege plager, meiner Marit.  

– Frå det tidspunktet nokon seier «eg treng hjelp» må det vere eit spindelvev av tenester som fangar opp personen. Ikkje minst må det vere eit samarbeid med NAV etter at personen har fylt 18 år, understrekar Marit. 

​Erfaringar å bygge vidare på 

En kvinne som smiler til kameraet
Marie Gjengstø

​Samtaletilbod i kommunane har dei god erfaring med. – At det er tilbod til pårørande også er utruleg viktig, seier Marit.  

Det å gå en tur i staden for å sitte på eit kontor og snakke kan også vere til hjelp for mange.  

–  I ei ideell verd får ein tidleg hjelp og det er ikkje tidsfrist for å bli frisk. Det er viktig å ta med heilheita som eit menneske utgjer, og då trengs det eit nettverk for å gi tilstrekkeleg hjelp, seier Marie.

Prosjektkoordinator for Barn og unges helseteneste, Toril, takkar for tillita til å dele historiene.    

– Vi jobbar for at dei ulike tenestene skal samarbeide betre slik at ingen fell imellom, det er målet, avsluttar ho.  

Bakgrunn mønster
Lytt gjerne også til podkasten Autismepraten som Marie Gjengstø har laga saman med spesialist i nevropsykologi, Magnus Reiestad. I podkasten deler dei tankar og erfaringar frå to synsvinklar om autisme og snakkar om identitet, stress, kommunikasjon og livsmestring. ​