Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

KVA GJER DU I HELSE MØRE OG ROMSDAL?

Fungerer som blodårene til sjukehuset

I løpet av ein arbeidsdag er det mykje som skal transporterast inn og ut av sjukehuset. Portør Jonny Hjelle (57) er ein av dei som sørger for at dette skjer så smertefritt som mulig.

Portør Johnny Hjelle foran sorteringa av søppelsekker ved Molde sjukehus.

​​​

Sorteringa av søppel er omfattande, men det er berre ein av mange oppgåver for å få drifta ved sjukehuset til å fungere godt. 

 Arbeidet går føre seg både ute og inne. Dei er fire tilsette på heiltid og jobbar kvar fjerde helg.

 Jonny viser fram sorteringa av ulike typar søppel, mellom anna ei makuleringsmaskin som er høgare enn han sjølv.

 – Denne har ein nødknapp, berre i tilfelle, seier han og ser på dei kvasse, store blada som kvernar papir i store mengder. 

Tidlegare har Jonny jobba med isolering i byggebransjen og reiste mykje rundt i landet. 

– Eg trives bedre her, fortel han. 


Uvanlege typar med avfall 

Fleire gonger om dagen hentar Jonny og dei andre portørane avfall rundt omkring på sjukehuset. 

Sjukehuset må kvitte seg med andre typar avfall samanlikna med bedrifter. I eit eige rom står det gule kasser stabla på pallar. Det er smittefarleg avfall. 

 – Desse er vi forsiktige med å handtere. Det har skjedd at nokon har fått eit stikk av ein spiss og då må det sjekkast med ein gong. 

Derfor er det viktig at avdelingane er nøye med å pakke avfallet etter avfallsplanen.

 – På den måten minimerer ein risikoen for å bli utsatt for smitte og stikkskader. ​


Transport av blodprøver og mat 

Av andre oppgåver er det dagleg henting av blodprøver hos alle dei lokale legekontora. Portørane hentar også mat på Hjelset to gonger om dagen og kjører ut til blant anna Molde og Knausen. I tillegg kjører dei ut mat for kjøkkenet tre gonger om dagen. Posten har dei også ansvaret for å sortere og frankere. 

 – Denne frankeringsmaskina har spart oss for mykje pengar, seier Jonny og legg handa på ei grå maskin på omtrent ein meter. 

 I løpet av dei 21 åra han har jobba ved sjukehuset har mengda med post gått drastisk ned. 

 – Tidlegare sendte vi to eller tre kasser med brev mens no er det berre knapt ei kasse. 

 

Overgang til nytt sjukehus 

Saman med kollegaene er han spent på den nye arbeidskvardagen ved SNR Hjelset. 

 – Der skal restavfallet sorterast direkte via sjakter. 

På nyåret 5.februar kjem leveringa av varer til sjukehuset frå logistikksenteret på Heimdal.  Frå mottaket på sjukehuset blir varene kjørt direkte til avdelingane i ferdigpakka avdelingsvogner. 

 – Då må vi lære nye måtar å arbeide på. 

På spørsmålet om kva han likar med å jobbe i Helse Møre og Romsdal svarer Jonny at det er eit godt miljø og ein triveleg arbeidsplass. 

 – Det er varierande vakter og vi får vere ute i løpet av dagen også. ​


Er du nysgjerrig på det å jobbe i Helse Møre og Romsdal? 

Her finn du meir informasjon og oversikt over ledige stillingar: helse-mr.no/om-oss/jobb​


Sist oppdatert 04.09.2023