Ny administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal

Direktør på Voss sjukehus Olav Lødemel (56) blir toppsjef i Helse Møre og Romsdal.

Publisert 28.08.2023
Olav Lødemel

Olav Lødemel

- Eg gledar meg til å starte i jobben og ser fram til å møte dei dyktige fagfolka i Helse Møre og Romsdal. Eg har stor respekt for leiaroppgåva eg no har takka ja til, seier Olav Lødemel, som tiltrer i stillinga 1. november.
 

Leia Voss sjukehus

Lødemel har vore i leiinga på Voss sjukehus sidan 2006. 

I 2009 vart Lødemel assisterande direktør og frå 2018 direktør. Som direktør på Voss er Lødemel ein del av leiinga ved Haukeland Universitetssjukehus.

Kva er motivasjonen din?
- Den største motivasjonsfaktoren for meg er det store samfunnsoppdraget, eg ønskjer å bidra med mi erfaring og kompetanse inn i dette arbeidet. Eg er kjent med at helseføretaket står overfor mange spanande utfordringar. Eg er oppteken  av at vi skal lukkast saman, seier Olav Lødemel.
 
Kva er det første du vil gjere?
​- Bruke god tid på å lytte, få breiast mulig kontakt og bli kjent med alle deler av organisasjonen. Eg ser fram til å besøke dei ulike sjukehusa og bli tidlig kjent med kommunane i fylket. Det er viktig å få eit godt samanhengande helsetilbod til innbyggarane i fylket, og då er vi avhengig av å ha god samhandling med kommunane, seier Lødemel.  

​Solid erfaring

Olav Lødemel kjem frå Voss. Han er lege med spesialisering i anestesiologi. I tillegg til ulike stillingar på Voss sjukehus, har Lødemel tidligere vore fastlege i Moss, jobba på Rikshospitalet og Sykehuset Østfold. 

Under utdanninga hadde Lødemel turnustjeneste ved Volda sjukehus og i Stranda kommune. I sine ulike roller har Lødemel hatt mangeårig samarbeid med kommunal helsetjeneste. Lødemel har også gjennomført Nasjonalt topplederprogram for helseforetaka i 2017.

Styreleder Ingve Theodorsen i Helse Møre og Romsdal har leia tilsettingsutvalet, og er svært godt fornøgd med tilsettinga.

- Med Olav Lødemel får vi ein svært erfaren leiar. Eg meiner Olav har den erfaringa og dei personlege eigenskapane som trengs for å leie Helse Møre og Romsdal på ein god måte, seier Theodorsen.
 
Totalt 10 søkte på stillinga som administrerende direktør i helseføretaket. To av dei trakk sin søknad.