Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt køyre- og gangmønster ved Ålesund sjukehus

20. november starter bygginga av ny hovudinngang ved Ålesund sjukehus. Poliklinikk inngangen i nord blir stengt, og pasientar og besøkande må difor bruke hovudinngangen på sørsida.

Publisert 15.11.2023
En mann i gul jakke
Prosjektleiar Frank Hide framfor inngangen ved Ålesund sjukehus som blir stengt frå 20. november.

Ålesund sjukehus vil få fleire oppgraderingar dei neste åra knytta til bygginga av nytt akuttmottak, og ny intensiv- og operasjonsavdeling. Først ut er etablering av ny hovudinngang og nytt adkomsttorg på nordsida av sjukehuset, og på nyåret startet arbeida med oppføring av nytt parkeringshus. 
- All byggeaktivitet på nordsida av sjukehuset inneber at vi må stenge poliklinikkinngangen i nord. Dermed må pasientar og besøkande bruke inngangen på sørsida, seier prosjektleiar Frank Hide i Helse Møre og Romsdal, som legg til at den nye hovudinngangen er planlagt ferdigstilt våren 2024.

Et skjermbilde av et videospill
Nytt køyre- og gangmønster ved Ålesund sjukehus frå 20. november.

Mykje av området nord for sjukehuset blir no sett av til riggareal for entreprenørane som skal bygge inngangen og adkomstområdet rundt. Dagens parkering for pasientar og besøkande ved inngang nord blir difor flytta aust for sjukehuset. Det blir oppretta plass for taxi og HC-parkering ved inngangen på sørsida. Parkering for blodgivarar og midlertidig «kyss og køyr» sone blir etablert sør for barne- og ungdomsavdelinga. 
- Omlegginga blir merka og vi oppmodar alle som skal til sjukehuset å følge skiltinga, og planlegge med litt ekstra tid for å kunne orientere seg i forhold til ny situasjon. Antallet tilgjengelege parkeringsplassar for besøkande blir ikkje redusert med desse tiltaka, seier prosjektleiar Hide.

Besøkande til Sykehusapoteket bør også benytte inngangen i sør, sidan det ikkje er parkeringsplassar i nærleiken på nordsida. Dagens inngang til apoteket blir likevel open gjennom heile byggeperioda. 

Den nye hovudinngangen skal knytast saman med kollektivpunktet på Borgundvegen når det nye parkeringshuset ved sjukehuset er ferdig i november 2025. Fram til den tid vil bussane gå nedom sjukehuset som i dag.