Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

KVA GJER DU I HELSE MØRE OG ROMSDAL?

På vakt mot digitalt innbrot

Foran tre store skjermar jobbar John Nedregård (56) med å sikre sensitiv informasjon i Helse Møre og Romsdal.

Publisert 04.09.2023
John Nedregård ved tre store dataskjermar der han jobbar for å sikre sensitivt innhald i Helse Møre og Romsdal.
John Nedregård trives med å jobbe i Helse Møre og Romsdal.



– Du kan google dataangrepet mot Østre Toten kommune og sjå kor gale det kan gå, seier Nedregård som svar på spørsmålet om eit eksempel.

Hackinga kosta 30 millioner kroner og personopplysningane til innbyggarane i Østre Toten vart lekka ut på det mørke nettet.

Dette jobbar Nedregård for å unngå. Av utdanning har han ein fireårig grad innan IT frå det som tidlegare heitte NHI, Norges Høyskole for Informasjonsteknologi. Etterpå har det blitt til saman 30 års erfaring innan blant anna utvikling, testing, teknisk arkitektur, systemarkitektur og sist som sjefsarkitekt. Sidan hausten 2021 har han jobba som Informasjonssikkerhets​leder i Helse Møre og Romsdal.

 

Tar vare på verdiar

Sidan krigen starta i fjor har det vore meir fokus på sikre ID, einingar, nettverk, infrastruktur, applikasjonar og data.

– Utgangspunktet for personvern og sikkerheit er å ta vare på verdiane vi har i Helse Møre og Romsdal. Hovudverdiane er informasjonen til dei tilsette og pasientane.

Det er ein omfattande jobb sidan det er fleire hundre system i helseføretaket.

– Informasjonssikkerheit handlar om å sikre all informasjonsflyt etter KIT-prinsippa (Konfidensialitet, Integritet og Tilgjengeligheit). For å få til dette prøver vi å skape forståing for «den digitale du» og informere om korleis ein kan sikre personinformasjon, seier Nedregård og held fram:

– Du tar vare på kollegaene dine ved å følge retningslinjene. Det kan for eksempel vere å unngå å dele PULS-kort med andre og at ein er bevisst på kva konsekvensar det har for konfidensialiteten.


Alltid noko nytt å lære i Helse Møre og Romsdal

– Det er så mange utfordringar at ein aldri går tom. Eg likar å ha utfordringar og lære nye ting. Det er givande. ​


Er du nysgjerrig på det å jobbe i Helse Møre og Romsdal? 

helse-mr.no/jobb finn du meir informasjon og ei oversikt over ledige stillingar!