Tilrår å utsette innføringa av Helseplattformen
Administrerande direktør Olav Lødemel i Helse Møre og Romsdal tilrår å utsette innføringa av Helseplattformen slik løysinga framstår i dag. Dette kjem fram i sakspapira til styremøtet 7. desember.
Styret i Helse Møre og Romsdal vil gjere ei vurdering knytt til innføring eller utsetting av Helseplattformen, og kjem så med ei tilråding til Helse Midt-Norge. Det er Helse Midt-Norge som tar den endelege beslutninga på sitt styremøte 13. desember.
– Vi vurderer at det er for stor risiko knytt til pasientsikkerheit og forsvarleg drift til å gå på no. Mi tilråding til styret blir derfor å utsette innføringa i april. På denne måten kan ressursane i Helseplattformen settast inn til å optimalisere og forbetre brukervennlegheita i løysinga fram mot sommaren, seier administrerande direktør Olav Lødemel i Helse Møre og Romsdal.
-Helseplattformen vil vere eit viktig samhandlingsverktøy mellom kommune- og spesialisthelsetenesta. Den skal legge til rette for betre samhandling til det beste for pasientane i Møre og Romsdal, legg Olav Lødemel til.
Sidan St. Olavs hospital innførte HP i november 2022 har løysinga gjennomgått feilretting og forbetringar. Samstundes observerer ein at det har oppstått nye alvorlege feil, seinast i november, mellom anna for meldingsflyt og legemiddelhandtering. Helsetilsynet sitt pågåande tilsyn med HP-løysinga ved St. Olavs hospital viser til kritiske feil som kan true pasientsikkerheita og desse avvika er enno ikkje lukka.
I dei siste vekene er det gjennomført ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) for viktige deler av løysinga med spesiell vekt på konsekvensen for pasientsikkerheit i Helse Møre og Romsdal. Arbeidet har skjedd i tett dialog med fleire føretakstillitsvalgte, hovudverneombod og leiargruppa i føretaket.
– Vi i Helse Møre og Romsdal har gjort våre eigne vurderingar av løysinga, basert på føresetnadene i vårt helseføretak, både når det gjeld pasientsikkerheit, organisering, bemanning og kapasitet. Resultatet av ROS-analysa er på raudt nivå for pasientsikkerheit og kapasitet. Sjølv med omfattande avbøtande tiltak er vi ikkje kome tilstrekkelig ned i risiko, forklarer Olav Lødemel.
Styret i Helse Møre og Romsdal skal handsame saka:
Torsdag 7. desember 2023
Kl. 10:00 – 14:00
Sted: Styrerom, Adm. bygg Ålesund Sykehus