Starter bygginga av Vardesenteret Møre og Romsdal
I januar 2024 blir det byggestart for Vardesenteret Møre og Romsdal ved Ålesund sjukehus. Senteret skal bli ein fylkesdekkande møteplass kor kreftpasientar og pårørande får hjelp og rettleiing til å kome seg gjennom kreftbehandling eller leve med ein kreftsjukdom.
![Folk som går utenfor en bygning](/4afb88/siteassets/bilde/byggeprosjekt-alesund-sjukehus/vardesenter---perspektiv-slyngstad-aamli-arkitekter.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Vardesenteret Møre og Romsdal er eit topartssamarbeid mellom Kreftforeningen og Helse Møre og Romsdal, og skal byggast på parkeringsplassen mellom Kreftavdelinga og Åse hotell.
- Å få Vardesenteret på plass vil bidra til å gi kreftpasientane i fylket eit heilhetleg tilbod, også utover den medisinske behandlinga. Ved bruk av digital løysingar skal informasjon og undervisning overførast til dei andre sjukehusa i Møre og Romsdal, seier klinikksjef kreft og rehabilitering Siri Beate Talseth-Frilund i Helse Møre og Romsdal.
- Veldig glad for at spaden no blir sett i jorda! Vi ser fram til at vi saman skal fylle senteret med både fysiske og digitale rehabiliterings- og mestringstilbod for pasientar og pårørande gjennom heile pasientforløpet, seier distriktsleiar Tom Anders Stenbro i Kreftforeningen.
Vardesenteret skal bli eit lavterskeltilbod først og fremst til kreftramma, pårørande og etterlatte. Helse Møre og Romsdal og Kreftforeningen vil også å bruke senteret til kompetanseheving på alle nivå i helsetenesta, samt for pasientar og pårørande. Dessutan er det planlagt å flytte etablerte og nye forskingsaktivitetar inn i Vardesenteret.
- Seineffektpoliklinikken ble starta med første pasient i desember 2022 i Ålesund. Vardesenteret vil også innehalde denne seineeffektpoliklinikken, samt undervisningsrom og rom for sosiale treffpunkt, seier overlege onkologi Jo-Åsmund Lund.
Det er Slyngstad Aamlid arkitekter som har tegna bygget. Det er lagt vekt på å skape eit bygg utan korridorar med mykje lys og luft. Det er entreprenøren Ålesund Bygg som har fått oppdraget med å bygge Vardesenteret som er planlagt ferdigstilt hausten 2024.