Stor byggeaktivitet ved Ålesund sjukehus

- Viktig at alle følger skiltinga på sjukehusområdet

Bygginga av ny hovudinngang og nytt adkomsttorg er no i gang ved Ålesund sjukehus. Byggeaktiviteten har ført til endra kjøremønster og parkeringsområde ved sjukehuset, men mange besøkande kjører fortsatt på gammal vane.

Publisert 10.01.2024
Sist oppdatert 24.04.2024
Noen menn i gule jakker som står i snøen
Det er stor byggeaktivitet nord for Ålesund sjukehus.

– Det er gledeleg å endeleg vere i gang med byggearbeida, men mykje arbeid gjenstår før inngangen og torget står ferdig til sommaren, seier prosjektleiar Frank Hide i Helse Møre og Romsdal.

Som følge av byggearbeida er inngangen i nord stengt og den tidlegare besøksparkeringa på same plass er flytta aust for sjukehuset. Alle pasientar og besøkande må difor benytte hovudinngangen i sør.
- Dagleg er det bilistar som kjører mot den gamle besøksparkeringa som var på nordsida, for så å måtte snu i eit område med mykje anleggsarbeid. Det gir utfordringar for anleggstrafikken, samtidig som at det kan oppstå uønska situasjonar, seier prosjektleiar Frank Hide.

- Det er difor viktig at alle som skal til sjukehuset følger nøye med og rettar seg etter skiltinga på området, legg Hide til.

Hide oppmodar besøkande og pasientar som kjem med bil til sjukehuset om å følge skiltinga rett etter ein har tatt av frå hovudvegen og nytte parkeringsplassane som det er skilta til.
- Vi arbeider med å få på plass endå tydelegare skilting slik at det ikkje skal vere tvil om kor pasientar og besøkande skal parkere, seier Hide.

Seinare på vinteren starter også bygging av nytt parkeringshus i samme området. Det vil ikkje bli ytterligere endringer knytt til parkering og tilkomst til sjukehuset for besøkande når det prosjektet startar opp.