Drifta av PET-CT fortsett i dagens areal

Det stadfestar klinikksjef Per Erik Tødenes i Klinikk for diagnostikk.

Publisert 18.12.2024
Frå opninga av PET CT-maskina i 2021

Grunna den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal har det blitt stilt spørsmål knytt til framtidig drift av PET-CT-maskina.

– Ambisjonen var å flytte PET-CT-maskina inn i sjølve hovudbygget på sjukehuset slik at vi fekk samlokalisert det med nukleærmedisin. Det har vi ikkje midlar til å gjere akkurat no. Men eg kan trygge folk med at vi vidarefører drifta i dagens lokale i alle fall dei neste tre åra, seier Tødenes.

PET CT-maskina blei kjøpt inn etter ein storstilt innsamlingsaksjon i regi av Foreninga Sjukehust Vårt i 2021. Same år blei maskina tatt i bruk, og sidan opninga har det blitt gjennomført rundt 1000 undersøkingar i Ålesund.

– Vi har hatt kontinuerleg drift av maskina sidan oppstarten med unntak  av periodar med service, driftsstans og ferieavvikling. PET-CT er og vil vere eit viktig diagnostisk tilbod i Møre og Romsdal, og vi ser fram til å vidareutvikle tilbodet i Ålesund framover, seier Tødenes.

PET CT-en er no lokalisert i stråleterapiseksjonen i Kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus.