Feira 20 år med kreftavdeling i Ålesund
– Det hjelp ikkje med eit flott bygg viss det ikkje blir fylt opp med det rette innhaldet. Kreftbygget er heilt avhengig av dei flinke fagfolka, så hadde det ikkje vore for dykk så hadde vi hatt lite å feire her i dag, sa tidlegare klinikksjef Jorun Bøyum under markeringa, og som sjølv har vore ein sterk pådrivar for krefttilbodet i Møre og Romsdal.
I 2004 opna kreftbygget ved Ålesund sjukehus, det som har blitt ein viktig byggestein i kreftbehandlinga i fylket. Under 20 års markeringa fekk dei frammøtte vere med på ei reise frå den spede byrjinga av kreftbehandling til eit innblikk i framtida kor bruk av kunstig intelligens er avgjerande innan strålebehandling.
Sunnmøringane såg moglegheitene
Til stades under 20 årsmarkeringa i Ålesund var både eldsjelene bak utbygginga og mange av dei tilsette. Professor Olbjørn Klepp innleia med ei reise i kreftbehandlinga frå 60-talet og fram til i dag. Klepp fortalte at det var mykje kamp rundt om i landet for å få etablert strålebehandling tidleg på 2000-talet, men i Ålesund gjekk det på skjener. Sunnmøringane såg moglegheitene, og ikkje berre problema. Det var eit særleg godt samarbeid mellom brukarar, ekspertar og arkitektane som gjorde at kreftavdelinga vart ei veldig bra avdeling.
– Det er få sjukehusavdelingar i Noreg som etter 20 år ser så bra ut. Suksessfaktorane var at det på den tida var romslege midlar til bygg, og viktigast av alt, realistiske budsjett for rekruttering og opplæring, sa Klepp.
Pågangsmot
Tildegare klinikksjef for Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering Jorun Bøyum la til at Olbjørn Klepp er og forblir ein nestor i kreftomsorga, og særs viktig for at kreftavdelinga vart slik den er i dag.
– Du planla og organiserte, og fiksa motgang når vi støtte på det. Eg trur ingen ville ha vore meir eigna enn deg til å bidra i dette prosjektet. Og Astrid Eidsvik, hadde det ikkje vore for ditt pågangsmot og di sterke tru på at dette skulle gjennomførast, og det arbeidet du gjorde opp mot styrande organ, så hadde vi ikkje vore her i dag, sa Bøyum til dei frammøtte.
Fullverdig kreftilbod
Og tenk berre på kva som har skjedd dei siste åra, fortsette ho. Først flytta poliklinikken inn i bygget desember 2003. Då hadde vi allereie vore i gang med kreftpoliklinikk i 10 år. Så kom stråleterapien i januar 2004, og i mars 2004 fekk vi den første pasienten til palliativ strålebehandling. Året etter starta sengeposten opp med 16 senger, så kom palliativ team på plass. Deretter vart kreftpoliklinikken og palliativ team i Molde og Kristiansund del av kreftavdelinga. Poliklinikken i Volda hadde vore del av avdelinga sidan 2002. Så fikk vi Pusterommet i samarbeid med Aktiv mot kreft, og no står Vardesenteret Møre og Romsdal snart ferdig med stor hjelp av Kreftforeninga. Det er heilt fantastisk – vi har fått eitt fullverdig krefttilbod i Møre og Romsdal.
Best på det vi gjer mykje av
Historia har lagt eit godt fundament til kreftavdelinga i Helse Møre og Romsdal. Seksjonsleiar Liv Ipsen ga dei frammøtte eit innblikk i korleis avdelinga er i dag, og korleis ei ser for seg framtida.
- For 20 år sidan hadde avdelinga ambisjon om å vere Noregs beste lille kreftavdeling. Og den ambisjonen skal vi fortsatt ha. Vi kan ikkje vere best på alt, men vi skal vere best på det vi gjer mykje av, fortalte Liv Ipsen.
Kunstig intelligens og persontilpassa behandling
Onkolog ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Eli Sihn Samdal Steinskog, holdt eit inspirerande innlegg om korleis ein vil nytte medikamentell kreftbehandling i framtida. På ein særs engasjerande måte fortalte Steinskog om korleis eksisterande og komande behandlingsformer der målretta og persontilpassa kreftmedisin vil ha ei heilt sentral rolle.
Dei siste åra har bruk av kunstig intelligens nærast ført til ein liten revolusjon i strålebehandlinga. Stråleterapiavdelinga i Ålesund har sjølv vore med å utvikle fleire av modellane som i dag vert nytta.
- Teknologien vi brukar bidreg til å optimalisere behandlingsprosessane, noko som gir raskare og meir presis strålebehandling, sa seksjonsleiar Nils Skottner.
- For ei fin markering, og for ein flott gjeng altså! Eg er så glad i, og stolt over arbeidsplassen min, oppsummerte fysioterapeut Beate Iversen.