Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helseplattformen er no tatt i bruk i Helse Møre og Romsdal

Natt til laurdag blei det nye journalsystemet tatt i bruk i Helse Møre og Romsdal.

Publisert 27.04.2024
En mann iført oransje vest

- No er alle fire sjukehus og alle våre institusjonar på Helseplattformen, og dei første pasientane som kom inn på morgonkvisten er tekne vel imot i nytt system. Overgangen i natt gikk som forventa, med nokon mindre tekniske utfordringar som blei løyst etter kvart, seier adm. dir Olav Lødemel. 

Heile helseføretaket har jobba iherdig for å vere best mogleg førebudd til å ta i bruk det nye journalsystemet. Sjølve innføringsløpet har vore nøye planlagt for å sørge for ein mest mogleg smidig overgang.

Ute på sjukehusa er det mange ekstra ressursar med HP-kompetanse som skal bistå dei tilsette med å jobbe i det nye journalsystemet i tida framover.

- Eg vil nytte anledninga til å takke alle for den store innsatsen som er lagt ned, ikkje minst gjeld dette innføringsteamet, som har stått for ein formidabel jobb. Eg vil også rette ein spesiell takk til kollegaer frå St. Olavs hospital og Helse Nord-Trøndelag som har reist hit for å hjelpe oss, seier Lødemel.  

I forbindelse med sjølve innføringa er planlagt aktivitet i helseføretaket redusert.  

- No skal vi bruke systemet kvar dag, og vi skal bruke dei neste vekene godt for å bli best mogleg i HP. Samtidig skal vi vere tett på og følge overgangen til nytt journalsystem nøye, seier Lødemel.

Føretaket er satt i grønn beredskap, og sjukehusa i regionen vil derfor ha tett dialog i innføringsperioden.