Psykiatri- og habiliteringsbygget er opna
Tysdag 8. oktober blei det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset offisielt opna. Over 120 gjestar var samla og blant dei mange noverande og tidlegare tilsette ved den psykiatriske drifta på Hjelset.
- Psykisk helse er eit viktig satsingsområde for oss i Helse Møre og Romsdal. Difor er eg både stolt og glad for å kunne opne vårt nye psykiatri- og habiliteringsbygg for innbyggarane på Nordmøre og i Romsdal.
Slik innleia adm. direktør Olav Lødemel sin tale da han stod for den offisielle opninga av det nye psykiatri- og habiliteringsbygget ved SNR Hjelset.
Kort tid til innflytting
Mange har følgt byggeprosjektet tett over dei to siste åra og har sett utviklinga veke for veke. Snart er ventetida over. Til veka startar habiliteringsteneste opp innflyttinga i sine areal og frå veke 43 startar den psykiatriske drifta arbeidet med å flytte pasientar og tilsette over frå gamle til nytt bygg.
Nestleiar i styret for HMR, Gerd Marit Langøy, påpeikte i sin tale at overgangen frå gamle til nye bygg til eit kvantesprang. Ho fortalte også om korleis ho har opplevd prosjekt-prosessen med til tider store utfordringar, men korleis det etter kvart har gått på skinner. Ho ga prosjektstyreleiar Heidi Nilsen mykje av æra for det.
Jan Frich, ny adm.dir. i Helse Midt-Norge las Olav Hauge sitt dikt «Det er den draumen» og uttrykte at han håpa at nytt bygg vil gjere det lettare for pasientar å finne en veg til å bli frisk.
Felles inngang med somatiske tilbod i 2025
Ved nye SNR blir det éin felles inngang til dei ulike pasienttilboda. Dei somatiske tenestene, psykiatriske tilboda og habiliteringstenester for barn, unge og vaksne blir samlokalisert og vil leggje til rette for at fagfolka i større grad enn tidlegare får moglegheit til å møte pasientane våre som heile menneske og ikkje berre eit kne, eit hjarte eller ein diagnose.
Både Lødemel og avdelingssjef Line Lingen ga i sine talar uttrykk for at dei gler seg til at ein ved nye SNR vil kunne sikre eit enda nærare samarbeid mellom ulike fagområde. Ved SNR blir det lettare å tilby somatiske tenester til pasientar med psykiske lidingar, og det blir lettare å gje betre psykisk helsehjelp til pasientar med alvorlege somatiske lidingar.
Takka for innsatsen
- Det er mange som fortener ein blome i dag. Eg vil takke styret i Helse Møre og Romsdal og styret i Helse Midt-Norge, som har hatt tru på prosjektet og fatta viktige vedtak på vegen fram til i dag. Eg vil óg takke viseadm. direktør Heidi Nilsen og resten av prosjektstyret for innsatsen deira.
Lødemel takka også prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal i Sykehusbygg og dagleg leiar for Åsen & Øvrelid, Finn Ove Øen som fekk blomar for arbeidet som er utført med bygging av det nye psykiatri- og habiliteringsbygget
Til slutt takka Lødemel avdelingssjef Line Lingen for hennar innsats og sentrale rolle i arbeidet med både planlegging og førebuingar inn mot innflytting.
Lingen retta i sin tale ein stor takk til tilsette som har brukt mykje tid og energi på både førebuingar og opplæring for å bli klare til å flytte inn og ta i bruk det nye bygget. Lingen ser fram til ein ny kvardag med nye bygg som pasientar, pårørande og tilsette vil setje stor pris på.