Randi Myhre blir ny økonomidirektør
Helse Møre og Romsdal har tilsett Randi Myhre som ny økonomidirektør. Ho startar i stillinga 27. mai 2024.
– Vi er svært glade for at Randi Myhre har takka ja til stillinga. Med sin breie bakgrunn og gode kompetanse vil ho bli ein viktig og sentral leiar for føretaket, seier adm.dir Olav Lødemel.
Tilbake i spesialisthelsetenesta
– Eg har alltid hatt eit hjarte for spesialisthelsetenesta og har stor respekt for jobben eg har fått. Det fortel påtroppande økonomidirektør for Helse Møre og Romsdal, Randi Myhre.
Ho har tidlegare jobba både i gamle Helse Nordmøre og Romsdal og fylkessjukehuset i Molde før det.
– Eg var med på å planlegge nytt sjukehus i Molde i si tid, fortel Myhre. No er det snart klart for innflytting i SNR og det blir veldig spennende å følge med på, legg ho til.
Randi Myhre har i tillegg til stillinga som prosjektleiar for “Nye Molde sjukehus” hatt sentrale stillingar innan økonomifaget, både som økonomisjef og budsjett- og analysesjef i spesialisthelsetenesta. No kjem ho frå stillinga analyse- og utviklingssjef i Molde kommune.