Redusert kapasitet i samband med innføringa av Helseplattformen

Fram til slutten av april får over 5000 tilsette i Helse Møre og Romsdal opplæring i det nye journalsystemet Helseplattformen. Det vil redusere kapasiteten i føretaket knytt til planlagde behandlingar.

Publisert 15.01.2024
Sist oppdatert 24.04.2024

– All akutthjelp vil bli prioritert og innbyggarane i Møre og Romsdal skal vere sikre på å få nødvendig helsehjelp også under opplæring og innføring av Helseplattformen. Vi forventar lengre ventetid og fleire fristbrot for planlagde behandlingar i tida framover. Vi arbeider med tiltak for å redusere ulempene med redusert kapasitet, seier administrerande direktør Olav Lødemel. 
 

Omfattande opplæring

Styret i Helse Møre og Romsdal gjekk inn for å utsette innføringa av Helseplattformen.  Styret i Helse Midt-Norge heldt likevel fast ved den opphavlege tidsplanen for Helseplattformen med innføring den 27. april. Opplæringa av over 5000 tilsette i bruken av journalsystemet starta av den grunn som planlagt den 3. januar.

 

Tiltakspakke for å forbetre løysinga

Innføringa av Helseplattformen ved St. Olavs hospital i Trondheim har medført utfordringar, og ei av tilbakemeldingane frå tilsette og tilsynsmyndigheiter har vore at brukarvenlegheita i systemet er for dårleg. Helse Midt-Norge har øyremerka 55-80 millionar kroner til ei tiltakspakke for å sikre betre brukarvenlegheit, følgje opp arbeidet med feilrettingar og sørge for andre forbetringar av løysinga.

 

–  Vi følgjer dette arbeidet tett for å sikre at nødvendige tiltak blir gjennomført før vi kan innføre Helseplattformen hos oss, seier Lødemel.  Samtidig påpeikar han at Helse Møre og Romsdal vil gjere sjølvstendige vurderingar av pasientsikkerheita.

 

Om Helseplattformen

Helseplattformen er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Norge.

Målet med å innføre éin felles pasientjournal på tvers av nivåa i helsetenesta er mellom anna å betre informasjonsflyten, auke pasienttryggleiken og skape ein meir samanhengande helseteneste for pasientar og tilsette i Midt-Norge.