Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tiltak for fødande i Møre og Romsdal

I samband med ekstremvêret «Ingunn» er det sett i verk tiltak for fødande som nærmar seg termin.

Publisert 31.01.2024
Sist oppdatert 24.04.2024

Fødeavdelingane ved sjukehusa i Volda, Ålesund og Molde har sett i verk tiltak for å sikre at fødande som nærmar seg termin blir ivaretekne. Mellom anna er det etablert kontakt med gravide som anten nærmar seg termin, eller som skal føde på eit høgare omsorgsnivå på grunn av risikofødsel, for å sikre at dei er i nærleiken av sjukehus.