Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vi følger opp førstehjelparane

Har du nokon gong kome først til ei ulykke, måtte utført HLR ved ein hjertestans eller vore involvert som førstehjelpar i ein anna alvorleg akuttsituasjon der du har hjelpt til så godt du kunne, for så å stå åleine igjen då ambulansen køyrde avgårde med blålys?

Publisert 06.05.2024
Sist oppdatert 04.06.2024
En mann og kvinne som poserer for et bilde foran en bygning
VIL HJELPE DEG. Kari Telstad (t.v.) og Mari Longva Hanssen møter deg om du ringer for oppfølging etter ein akutt hending i Møre og Romsdal. 

Oppfølging av førstehjelparane  

Ring oss på telefonnummer:
02415

 

Etter ei akutt hending kan førstehjelparane sitte igjen med mange tankar og spørsmål om situasjonen dei har vore med i. Dette er bakgrunn for at Helse Møre og Romsdal opprettar tilbodet Oppfølging av førstehjelparane. Det er ein del av ein nasjonal teneste der vi skal gi oppfølging til personar som har vore til stades eller har utført førstehjelp til ein bevisstlaus person.  

– Når vi er på jobb i AMK har vi fleire gongar tenkt på personane som er involvert i hendinga, at desse skulle ha fått tilbod om oppfølging. No er det endeleg lagt til rette for det her i Møre og Romsdal også, seier spesialsjukepleiar og AMK-operatør Mari Longva Hanssen. Ho oppmodar også deg som har vore involvert i tidlegare hendingar om å ta kontakt om du kjenner på uro eller har behov for å snakke om opplevinga du har vore med på.   

 

Kjenne på meistring 

Det å utføre hjarte- og lungeredning (HLR) eller å bistå i andre akutte hendingar kan vere ei tøff påkjenning, særleg for dei som ikkje har helsefagleg bakgrunn. Mange kan slite med skuldfølelse og klandrar seg sjølv for å ikkje ha gitt god nok førstehjelp. For dei som ikkje er pårørande er bekymring rundt utfallet til pasienten også eit stort tema. Ein studie utført ved Helse Stavanger av Mathiesen og Bjørshol viste at førstehjelparar kan oppleve søvnvanskar, flashbacks, vekttap, angst, konsentrasjonsvanskar og mykje meir.  

Helsepersonell gjennomfører ofte debriefing etter alvorlege hendingar, men førstehjelparar blir nesten aldri involverte, sjølv om det kanskje var innsatsen deira som hadde størst innverknad på utfallet. Formålet med oppfølginga er at  førstehjelparen skal få gjennomgå hendinga saman med fagfolk slik at dei lettare kan kjenne på meistring. 

– Eg kan også kjenne meg igjen i situasjonar der eg har bidrege godt, men så er det likevel vore éin del der eg tenker eg kunne gjort noko annleis og betre. Når det er den delen som festar seg så er det godt å kunne snakke gjennom hendinga med nokon som forstår i etterkant, fortel Kari Telstad som sjølv er sjukepleiar og AMK-operatør. 

 

Nå ut til fleire 

En mann som sitter ved et skrivebord med flere datamaskiner
SMS ETTER KONTAKT MED AMK. No sender vi ut sms til personar som kan ha behov for oppfølging etter å ha vore involvert i ein alvorleg hending. Tilbodet er også for dei som på andre måtar har vore nær på hendinga, ikkje berre den som har ringt til AMK.  

Helse Stavanger oppretta tilbodet i 2020. Når Helse Møre og Romsdal henger seg på er det for å kunne gi eit lokalt tilbod og bidra til at tenesta blir endå betre kjent. Førstehjelparar for aktuelle hendingar vil få ein sms frå AMK med informasjon om tilbodet, naudetatane kan dele ut visittkort til førstehjelpar på ulykkesstaden og ein kan søke opp informasjon på helse-mr.no.   

– Det er vanskeleg å nå ut til alle som burde hatt tilbodet. Det kan vere den med størst behov vi ikkje når ut til. Difor er det viktig for oss at tilbodet blir godt kjent slik at dei sjølve også kan finne oss når dei har behov, fortel Telstad.  

Når førstehjelpar tar kontakt, får ein avtale eit møte med erfarent helsepersonell. Møtet kan då vere på telefon, Teams eller eit fysisk møte.  

 

Slik er tilbodet - Oppfølging av førstehjelparar 

Samtale med erfarent helsepersonell 

Tilsvarer på mange måtar debriefing slik som helsepersonell deltek i regelmessig. Vi svarer på medisinske og tekniske spørsmål du har på eit generelt grunnlag. Vi har teieplikt og fokuset i samtalen er at du som førstehjelpar skal få snakke om di oppleving av situasjonen.   

Informasjon om utfall 

Det er viktig å vere klar over at du kan ha gitt best tenkeleg førstehjelp sjølv om pasienten ikkje har overlevd. Det er viktig at du som førstehjelparen ikkje sit igjen med skuldkjensle for eit eventuelt dårleg utfall. I utgangspunktet er ikkje utfallet til pasienten eit tema i samtalen. Vi gir ikkje  informasjon om konkret hending eller konkret pasient. Unntaket er dersom vi får samtykke til å vidareformidle utfallet til pasienten. 

Informasjon om smittetesting ved behov 

Det er svært sjeldan at førstehjelparar blir utsette for smitte. Likevel kan risikoen for smitte i nokre tilfelle skape store bekymringar. Dersom førstehjelparen tek opp temaet smitte eller om det er grunn til å mistenke ein reell smittefare vil vi også snakke om dette. Vi anbefaler også å kontakte fastlegen dersom vi ser det som nødvendig. 

Tilbakemelding til helsevesenet 

Vi ønsker også tilbakemeldingar frå deg som førstehjelpar. Informasjon om opplevinga di av den prehospitale tenesta kan vere til stor nytte. Vi videreformidlar slike tilbakemeldingar slik at vi kan forbetre helsetenesta ytterlegare.  

 

Les meir om oppfølging av førstehjelparar