Ei to år gammal endring i Helseplattformen har ført til avvik i oppfølginga av pasientar
- Saka har høgste prioritet og vi jobbar no intensivt for å kartlegge omfanget, seier adm.dir Olav Lødemel i Helse Møre og Romsdal.

I pressemeldinga frå Helse Midt-Norge går det fram at avvika i pasientoppfølginga har ramma alle føretak i regionen.
Les heile pressemeldinga frå Helse Midt-Norge her: En to år gammel endring i Helseplattformen har ført til avvik i oppfølgingen av pasienter
– Våre fagfolk arbeider no intensivt for å kartleggje om dette har fått konsekvensar for oppfølginga av pasientane våre. Basert på informasjon frå HP AS gjeld det 758 meldingar i Helse Møre og Romsdal. Vi har allereie gått gjennom ein god del av meldingane og reknar å vere ferdige med gjennomgangen i løpet av denne veka. Så langt er det ikkje identifisert tilfelle der dette har fått negative konsekvensar for pasientoppfølginga, seier adm.dir Olav Lødemel.
Lødemel understreker at saka er sterkt beklageleg.
– Eg har stor forståing for at det vekkjer uro hos pasientar, og vil samtidig oppmode pasientane til å ikkje ta direkte kontakt med avdelingane, vi tek fortløpande kontakt med dei det gjeld, seier Lødemel.
I september 2023, i samband med utviklinga av fastlegeløysinga i Helseplattformen, blei det gjort ei endring i systemet. Endringa førte til ei anna vising av interne meldingar knytt til sluttrapportar frå sjukehus og avtalespesialistar som ikkje bruker HP, noko som førte til at enkelte meldingar kan ha blitt oversett. Endringa vart reversert 12. mai i år.