Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

avdeling for radiologi SNR

Bak kulissene i radiologiavdelinga på Hjelset og i Kristiansund

Avdeling for Radiologi på Hjelset og i Kristiansund er navet i det diagnostiske hjulet på helseforetaket. Uten disse flinke fagfolka hadde sykehusene stoppet opp. Her får du eit unikt innblikk i eit spennande fagområde i rivende utvikling.

Publisert 06.06.2025
En gruppe ansatte som poserer for et bilde.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Frå venstre: Radiografene Johanne Ramsli, Solveig Gjøvik, radiolog Davorka Kosec, radiografane Eirik Torvik, Trond Rindal, Kirsti Wenaas, sekretær Evelyn Kalvø og sekjsonsleiar Vibeke Aandahl.

Eit fag i rask utvikling med teknologien

Avdeling for radiologi ved sjukehusa Nordmøre og Romsdal er lokalisert på Hjelset og i Kristiansund, og er organisert under klinikk for diagnostikk. Avdelingen har eit sterkt fokus på gode behandlingsresultat, høg pasienttryggleik og kvalitet i behandlingstenestene. Vi spurde avdelingssjef for radiologi, Odd Arne Haram, om radiologifaget og den daglige drifta på avdelinga.  
 

Kva utfordringar og behov møter radiologiavdelinga i den daglege drifta?

-Den største utfordringa er å rekruttere og halde på legar. Vi tilbyr LIS 3 (lege i speialisering) utdanning til legar som ønskjer å spesialisere seg hos oss. Vi har høg aktivitet i forhold til arbeidsstokken vi har . Det er derfor viktig å gi rom for fagutvikling og fordjupning. LIS har faste lesedagar etter nasjonale retningslier for spesialiseringa i radiologi. 
Med det nye sjukehuset har vi fått moderne utstyr og gode lokaler. Til vanleg er det vanskeleg å oppdatere det medisintekniske utstyret (MTU) i vårt fag, fordi det er kostbart, seier Haram. No har vi fått ein veldig god utstyrspark med mellom anna foretaket sin første 3T MR maskin. 
 

Korleis samarbeider radiologiavdelinga med andre avdelingar for å sikre heilskapleg pasientbehandling?

-Vi ser på oss sjølve som eit nav i det diagnostiske hjulet ved sjukehuset. Vi samarbeider med bortimot alle fagfelt og har tett samarbeid med mange ulike spesialistar. Vi deltek på MDT (multidisiplinært team) møte i lag med andre klinikarar, onkologar og patologar. Vi har kort ventetid for innlagte pasientar som er under utgreiing. 
 

Kva gjer de for å korte ned ventetida?

-Vi har kveldsprogram i turnus for MR. I tillegg har vi tidvis aksjonspoliklinikk innan mammografi, CT, MR, ultralyd og røntgen/beintettleiksmåling. Vi har dialog med fastlegar og sjukehuslegar med tanke på kloke valg i bidediagnostikk, slik at vi kan redusere bruken av lite nyttige undersøkingar til fordel for pasientar som treng rask behandling.

 

Er de involvert i forskingsprosjekt? Kva innovasjonar er mest spennande no?

-Vi støttar andre avdelingar med forsking, særleg innan nevrologi og ortopedi. Ein av legane våre er i sluttfasen av ein doktorgrad. 
Det største utviklingspotensialet vårt no er å ta i bruk 3T MR både til diagnostikk og forsking. Her har vi sjanse til å betre diagnostikk i åra som kjem.

 

Korleis ser framtida ut for radiologiavdelinga?

-Kunstig intelligens (KI) vil påverke faget vårt mykje i tida som kjem. Vi har alt teke i bruke program for raskare diagnostikk av skjelettalder og av beinbrot. Vi trur at vårt fag kan bli ein plogspiss i bruken av KI i diagnostikk. Det vil kunne forbetre og effektivisere diagnostikk på mange felt.

Vi vil halde fram med å vere ein sentral del av diagnostikk og behandling ved sjukehuset. Intervensjon med bildeveiledning kan gi hjelp med smertelindring og terapi. 

Kompetanse og utdanningstilbod for radiografar og legar.

Seksjonsleiar for radiologi ved SNR Kristiansund Vibeke Aandahl, understrekar at kompetansenivået og utdanningstilbodet er svært høgt.

-Radiologiseksjonen i Kristiansund har høg kompetanse og moderne utstyr, seier Aandahl. Over halvparten av radiografane har vidareutdanning, og dei jobbar med CT, MR og andre avanserte undersøkingar. 
 

-Om lag åtte radiografar skal jobbe både i Kristiansund og på Hjelset. I Kristiansund tek vi ikkje lenger imot akuttpasientar, men utfører planlagde undersøkingar på dag- og kveldstid frå måndag til torsdag, samt dagtid fredag held ho fram.

-Tilbodet til pasientane er som før, med MR, CT, beintettleiksmåling, ultralyd og røntgen. Kristiansund vil no få auka kapasitet til polikliniske pasienter og vil derfor også kunne ta imot pasientar frå Romsdalen. Dette gir betre planlegging og kortare ventetid for pasientane i Nordmøre og Romsdal, forklarar Aandahl. 

– Radiologi er eit spennande fagfelt i rask utvikling, og våre tilsette brukar avansert teknologi store delar av arbeidsdagen. 
Undersøkingane vi tilbyr er ein naturleg del av mange pasientforløp, både for innlagde og polikliniske pasientar. Vi samarbeider tett med dei fleste kliniske avdelingane på sjukehuset, fortel avdelingssjef Odd Arne Haram.  

-Avdelinga vår tilbyr ei attraktiv LIS 3-utdanning for legar som ønskjer å spesialisere seg innan feltet. Vi har tett samarbeid med St. Olavs Hospital, avsluttar Haram. 

Seksjonsleiar ved SNR Hjelset, Eli Iren Sildnes, legg til at det er låg terskel for samarbeid mellom yrkesgruppene og at kommunikasjonen er svært god. Dette bidreg til ein effektiv arbeidsflyt i avdelingen i tillegg til at vi har topp moderne utstyr, seier Sildnes.

SNR Hjelset er eit stort lokalsjukehus med modaliteter tilsvarande Kristiansund, samt bildeveiledande intervensjon og mammografi.

Havna tilfeldig i radiologifeltet

Vi snakket med overlege i radiologi ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Anne-Mari Holte Flusund og spurde kvifor ho valde å spesialisere seg som radiolog: 

Kva fekk deg til å velje radiologi som spesialfelt?
– Valet var eigentleg heilt tilfeldig. Som nyutdanna turnuslege kom det ein førespurnad frå avdelingssjefen ved radiologisk avdeling på Molde sjukehus om å søkje på ei ledig stilling. Først takka eg nei, men ombestemte meg då eg såg at det kunne vere ei nyttig erfaring. Etter kvart vaks interessa for faget, og sidan har eg blitt verande i radiologien. Det har vist seg å vere både fagleg spennande og sosialt givande – med gode kollegaer og eit arbeidsmiljø eg trivst i.
 

Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?
– Arbeidet er variert og spennande. Hovudoppgåva er som generell radiolog ved SNR, men med særleg kompetanse innan mammaradiologi. Der undersøker eg bryst med mammografi og ultralyd, og vi tek vevsprøvar (biopsiar) ved behov. Ved mistanke om brystkreft er det ofte eg som er den første spesialisten pasienten møter – noko som gjer at rolla også blir klinisk, ikkje berre diagnostisk. Det gir arbeidet ekstra meining. Andre dagar går med til CT, MR, vanleg ultralyd og røntgen. Ingen dagar er heilt like, og nettopp det gjer jobben ekstra kjekk.
 

Kva likar du best med jobben?
– Breidda i faget er noko av det mest givande. Nesten alle pasientar, uansett alder og diagnose, er innom radiologisk avdeling. Det gir innsikt i både akutte tilstandar og langvarige sjukdomsbilete. Arbeidet spenner frå utgreiing til oppfølging, og inneheld både ein praktisk del med prosedyrar og prøvetaking. Kvardagen er variert, og det gir energi. I tillegg er det eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og leiarar som legg til rette for ein god balanse mellom jobb og privatliv.

Koordinering av bileteinnhold

På PACS-kontoret ved SNR på Hjelset held fagekspert Kevin Thorhus, fagradiograf Bjørn Otto Strømme og Lisa Aschim Sætereng trådane saman. Dei passer på at bilde som er tatt på labb kjem fram dit det skal, både til radiologane og til andre legar ved sjukehuset. Dei følg også opp at svar på undersøkingane kjem heilt fram til fastlegane. Radiologane har granskningstasjonar også på heimekontor som må passast på.

En person som står ved siden av en person som sitter ved et skrivebord

Foto: Helse Møre og Romsdal

Fagekspert Kevin Thorhus og fagradiograf Bjørn Otto Strømme på PACS-kontoret ved SNR Hjelset.

Nøkkelpersonar på avdelinga

Avdelingssjef Odd Arne Haram tek til slutt fram at sekretærer/helsesekretærer er viktige nøkkelpersonar i avdelinga. Kontortenesta er samla i eigen seksjon i avdelinga og har arbeidsstad på Hjelset og i Kristiansund. Dei arbeider tett saman med radiografar og legar og bidreg til god service og kommunikasjon til pasientar.

Sekretærer/helsesekretærer på avdelingen poserer for et bilde.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Kontortilsatte på avdeling for radiologi ved SNR Hjelset.

Avdelingsrådet - eit sammensveisa lag

Avdeling for radiologi tilbyr eit breitt utval av undersøkingar og behandling innan røntgen, ultralyd/doppler, beintettleiksmåling, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans), og mammografi (røntgenbilete av bryst). I tillegg utfører avdelingen biopsiar (vevsprøver) og ulike former for pasientbehandling, som til dømes smertelindring og tapping av pleuravæske, med bildeveiledning. Sidan 2003 har avdelinga vore heldigitalisert, og alle undersøkingar lagres i eit elektronisk arkiv. Nettverket deles med alle sjukehus i Helse Midt-Norge, slik at informasjon er lett tilgjengeleg ved ei pasientoverflytting. Tilbodet omfattar akuttberedskap med radiografar og røntgenlegar tilgjengelege heile døgnet.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde foran en statue

Foto: Helse Møre og Romsdal

Avdelingsrådet på radiologi SNR, frå venstre: seksjonsleder kontor Karin Krogsæter Sørli, seksjonsleder Eli Sildnes, sekjsonsleder Vibeke Aandahl, avdelingssjef Odd Arne Haram og sekjsonleder leger Thomas Bremnes.