Førehandsstemme til stortingsvalet 2025
8. september er det stortingsval. Det blir mogeleg å førehandsstemme ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Her kan du finne dato og tidspunkt for ditt sjukehus.
Dersom pasientar på sengepost vil førehandsstemme, men ikkje har moglegheit til å kome til lokalet for førehandsstemming på sjukehuset, kan tilsette ved sengeposten melde frå til valmedarbeidarane på staden.
Vis legitimasjon med bilde. Pasientar som ikkje har tilgjengeleg legitimasjon kan likevel stemme. Les meir om det på valg.no - Legitimasjon - unntak på institusjoner.
SNR Hjelset
Torsdag 14. august kl. 11.00 - 14.00 i auditoriet, plan 2 ved hovudinngangen.
Ålesund sjukehus
26. - 28. august kl. 12.30 - 16.00 i hovudvestibylen.
Volda sjukehus
4. september kl. 13.00 - 15.00 på møterom 1 i underetasjen.
Korleis stemme ved ein institusjon?
Les meir om korleis stemme ved ein institusjon på nettsida valg.no
