Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fra fødsel til liv: Elin Ytterbø feirar jordmoryrket

5. mai 2025 blir den Internasjonale Jordmordagen markert. Jordmødre har ei livsviktig og nødvendig kompetanse for mor og barn før, under og etter fødsel. Elin Ytterbø er jordmor og jobbar på fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus, der ho har vore tilsett i 30 år. Vi fekk lov til å besøke henne og stille nokre spørsmål om yrkeslivet hennar.

Publisert 05.05.2025
Sist oppdatert 07.05.2025
En mann som står i en gang

Kan du fortelje litt om deg sjølv og kvifor du valde jordmoryrket?

– Eg har vore tilsett som jordmor ved Ålesund sjukehus i nesten 30 år. Det første året som turnusjordmor og sidan august 1996 som jordmor ved føde/barsel-seksjonen. Og eg har ingen planar om å gi meg på fleire år enno. Eg er gift med Lars, vi har tre vaksne døtrer og gler oss over tre barnebarn og det fjerde som skal kome til sommaren. Allereie som 21-åring var eg fascinert av jordmoryrket, og då eg starta på sjukepleiarutdanninga hadde eg eit klart mål om å vidareutdanne meg til jordmor. Når det er sagt vurderte eg undervegs om eg heller skulle satse på kreftsjukepleie etter ein inspirerande og lærerik praksisperiode ved Radiumhospitalet. Men det blei jordmoryrket som trakk det lengste strået. Eg har aldri angra på valet om å bli jordmor, heller ikkje på at vi flytta tilbake til flotte Sunnmøre.

Kva er den største gleda med yrket ditt?

– Jordmoryrket er samansett og variert. Ikkje éin dag er lik - noko eg verdset høgt. Det er eit privilegium å kunne glede seg til å gå på jobb, og det gjer eg kvar dag. Eg har ei kombinert stilling der ein del er klinisk, som jordmor ved føde-barselavdeling og ein del er som fagutviklingsjordmor på tvers i helseføretaket. Det betyr at eg er godt kjent med dei ulike fødemiljøa i Helse Møre og Romsdal og er involvert i samhandling med kommunane. Det å møte gravide og komande foreldre i fødsel og i barseltida er både givande og utfordrande. Som jordmor kjem du nær i nokre av livets største og viktigaste augeblikk og det er med glede, audmjukheit og respekt eg går vegen saman med den enkelte.

Kva er dei viktigaste faktorane som understøttar god fødselsomsorg?

– At vi som system klarer å levere tenester som ivaretek alle aspekta av omsorg til gravide, fødande, barselkvinner, nyfødde og partner/familien. Det må vi gjere gjennom ei individuell tilnærming til den enkelte. Det medisinskfaglege, det jordmorfaglege og det kommunikative er alle tre viktige faktorar i arbeidet med å trygge den fødande og partneren. God fødselsomsorg inneber også at oppfølginga differensierast slik at friske fødande unngår overbehandling, og at fødande med auka risiko får overvaking og behandling knytt til sin situasjon. Vi er avhengige av at samfunnet generelt, gravide og komande foreldre spesielt, har tillit til fødselsomsorga. Det krev at vi kvar dag jobbar målbevisst for å gjere oss fortent tilliten - og det meiner eg at vi gjer. Ulike kvalitetsindikatorar, både lokalt og nasjonalt, viser at vi leverer god fødselsomsorg. Det er likevel viktig å hugse på at det vi som fagpersonar definerer som god fødselsomsorg ikkje alltid opplevast slik for den som mottar helsehjelpa/omsorga. Fødselsopplevinga er viktig for både kvinna og partner som skal leve vidare med sine erfaringar.

En mann som sitter ved et skrivebord med en datamaskin og andre kontorrekvisita
Elin Johanne Hansen Ytterbø har jobba som jordmor på Ålesund sjukehus i 30 år.

 

Kva tips har du til nyutdanna sjukepleiarar som kunne ha tenkt seg å bli jordmor?

– Køyr på, jordmoryrket er spennande, givande, variert, utfordrande og veldig kjekt. Du får jobbe tverrfagleg i eit pulserande og utviklande arbeidsmiljø, anten du vel spesialist- eller kommunehelsetenesta. Dessutan er det stor etterspurnad etter jordmødrer både lokalt og nasjonalt. Nokon vil kanskje tenke at det er eit stort ansvar å jobbe som jordmor, og det er det som i mange andre yrke, men hugs at det er ein gradvis prosess som utviklast over tid. Eg anbefaler den som kan vere interessert til å undersøke moglegheitene for utdanningsstipend – det har ved fleire anledningar blitt utlyst i Helse Møre og Romsdal.

Korleis skal vi få fleire menn til å velje å bli jordmor?

– Ja, sei det - eit vanskeleg spørsmål å svare på. Det er heller ikkje overflod av menn i sjukepleiaryrket som igjen gjenspeglar seg i vidareutdanningane. Lønnsnivået for sjukepleiarar og jordmødrer bør klart hevast for å auke attraktiviteten. Kampanjar retta mot ungdommar og studentar for å auke kunnskapen om jordmoryrket vil også vere eit bidrag.

Kva tenker du om at fleire vel å føde heime i staden for å føde på sjukehuset?

– Den nasjonale retningslinja for fødselsomsorg i Noreg beskriv ei nivåinndeling av fødselsomsorga i Noreg som inkluderer heimefødsel. Heimefødsel med jordmor til stades er eit trygt alternativ for gravide utan auka risiko i fødsel - og som er klarert for eit slikt tilbod. Avstand til næraste sjukehus er eit aspekt som tas med i vurderinga. Ei utfordring, som ikkje minst gjeld vårt fylke, er manglande tilgang på jordmødrer som tilbyr heimefødsel. Bistand ved heimefødsel er per i dag ikkje organisert som ein del av den offentlege helsetenesta i Noreg, noko som reduserer moglegheitene for eit reelt alternativ for gravide/fødande.

Kva er dei vanlegaste misforståingane folk utanfor har om yrket ditt?

– Det er heller ikkje så lett å svare på, synest eg. Men eg har høyrt utsagn som at "det må vere einsformig å gjere det same kvar dag - å ta imot barn". Eg har også inntrykk av at nokon tenker at det er eit veldig "koseleg" yrke der hovudarbeidsoppgåva er å stelle med nyfødde barn. Begge delar er ei like stor misoppfatning, jordmoryrket er variert med mange ulike arbeidsoppgåver.

En person på et sykehusrom
Jordmoryrket er både spennande, variert og livsnødvendig.

 

Til slutt vil Ytterbø trekke fram si hjartesak:

– Jordmormangelen på verdsbasis er stor, noko vi har spesielt fokus på i dag 5. mai som er Den Internasjonale Jordmordagen. Jordmorforeningen har eit samarbeid med FOKUS om eit prosjekt som støttar helsetilbodet til mødrer, gravide og nyfødde på landsbygda i Guatemala. For kvar krone som samlast inn tidoblast det bidraget frå Norad. Så eg håper alle som brenn for god fødselsomsorg vil støtte prosjektet, seier Ytterbø.

FOKUS prosjektet i Guatemala