Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

HMR opprettar fleire felles tilvisningsmottak frå 1. desember

Det blir oppretta felles tilvisingsmottak for både fagområdet hud og fagområdet ortopedi.

Publisert 27.11.2025
Portrettbilde av medisinsk fagsjef, Mariann Hagerup Gammelsæther

Foto: Helse Møre og Romsdal

Medisinsk fagsjef Mariann Hagerup Gammelsæther informerer om nye, felles tilvisingsmottak i Helse Møre og Romsdal.

– Med dette vil vi i større grad få til ei betre koordinering av tenestene, meir lik vurdering av tilvisingane og meir effektiv ressursutnytting på tvers av sjukehusa våre, seier medisinsk fagsjef, Mariann Hagerup Gammelsæther. 

Kva vil det bety for deg som pasient? 

Tilvisingane blir vurdert på same måte som tidlegare, og pasientane vil så langt som råd settast opp på venteliste/time på sjukehuset ein høyrer til geografisk. Dersom det grunna kapasitetsutfordringar er fare for fristbrot eller særs lang ventetid, vil pasientane kunne få tilbod om utgreiing og behandling på eit av dei andre sjukehusa i Helse Møre og Romsdal.  

– For at ventetida di som pasient ikkje skal bli unødvendig lang, oppfordrar vi pasientar til å takke ja til det tilbodet som blir gitt. Med dette får vi utnytta kapasiteten betre for innbyggarane i Møre og Romsdal, og kan gi raskare behandling til alle som treng det, seier Gammelsæther.  

– Fritt behandlingsval vil framleis gjelde, men ein må i ein slik situasjon vere førebudd på å vente lenger på grunn av kapasitet, legg Gammelsæther til. Dersom pasientar takkar nei til tilbodet er det viktig å vere klar over at ein ikkje lenger har rett til time innan fristen som er oppgitt. 

Dersom Helse Møre og Romsdal ikkje kan gi eit tilbod på eit av sjukehusa i fylket innan fristen, blir det meldt fristbrot til HELFO som eventuelt kan bistå med å finne anna behandlingsstad elles i landet.   

Det har lenge vore utfordringar knytt til ventetider og fristbrot innanfor ortopedien i Helse Møre og Romsdal (HMR). For å møte desse utfordringane har føretaksleiinga bestemt at det skal innførast felles tilvisingsmottak for ortopedi. 

Dersom pasientar får vurdering ved ein poliklinikk på eit anna sjukehus enn lokalsjukehuset, vil det vere mest hensiktsmessig at vidare behandling også blir gjennomført der. 

Førebuing til time på poliklinikken 

Mange pasientar skal til radiologisk undersøking (røntgen eller MR) før time ved ortopedisk poliklinikk. Denne har ofte vore same dag som poliklinikk-timen. No vil vi i større grad sette opp radiologisk undersøking ved lokalsjukehuset ditt nokre dagar i forkant av poliklinikk-timen. Dette bidreg til at sjukehuset i større grad kan nytte ledig kapasitet, gi pasienten time raskare og sikre at resultatet er klart til timen på ortopedisk poliklinikk. Dersom pasienten uansett har lang reiseveg til sjukehuset, forsøker vi framleis å planlegge time til radiologisk undersøking og ortopedisk poliklinikk same dag.  

Ved fare for fristbrot 

Dersom Helse Møre og Romsdal ikkje har moglegheit til å gi deg som pasient eit tilbod innan fristen, kan pasienten for nokre ortopediske tilstandar vidareformidlast til privat aktør i Trondheim.  

Hudpoliklinikkane i Helse Møre og Romsdal er slått saman til ei felles eining. Vi har hudpoliklinikk ved Ålesund sjukehus og SNR Kristiansund. Det vil bli oppretta felles tilvisingsmottak for dette fagområdet frå 1.desember. Som nemnd ovanfor, vil pasientane så langt det er råd settast opp på venteliste/time på sjukehuset vedkommande høyrer til geografisk, men vil kunne få tilbod om utgreiing og behandling ved den andre poliklinikken i HMR, dersom det grunna kapasitetsutfordringar er fare for fristbrot eller ved særs lang ventetid.