Strøyma til Hjelset på innflyttingsdagen
I dag, onsdag 23. april, flytta akuttfunksjonar og sengepostar inn i det nye fellessjukehuset, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset (SNR Hjelset). Sjå våre bilde frå flytteprosessen og dei første pasientane på sengepost.
Rundt 100 innlagte pasientar frå sjukehusa i Kristiansund og Molde vart flytta til SNR Hjelset. Trond Arne Olsen frå Molde og Tore Kristiansen frå Kristiansund var dei aller første vi tok i mot til nye sengeområde.
Den første babyen
Veronica Hustadrem og Liv Sissel Fanum ventar på å ta i mot den første babyen ved barselhotellet. Med ankomst frå Molde sjukehus vart mottakinga ved hovudinngangen til SNR Hjelset med flagg og barneseng på hjul.


Foto: Helse Møre og Romsdal
Planlagt nøye
– Flyttinga har vore nøye planlagt og det har gått veldig fint, fortel klinikksjef Britt Rakvåg Roald om den spennende flyttinga av akuttfunksjonar og innlagde pasientar frå Molde og Kristiansund sjukehus.