Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Strøyma til Hjelset på innflyttingsdagen
I dag, onsdag 23. april, flytta akuttfunksjonar og sengepostar inn i det nye fellessjukehuset, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset (SNR Hjelset). Sjå våre bilde frå flytteprosessen og dei første pasientane på sengepost.
Publisert 23.04.2025
Rundt 100 innlagte pasientar frå sjukehusa i Kristiansund og Molde vart flytta til SNR Hjelset. Trond Arne Olsen frå Molde og Tore Kristiansen frå Kristiansund var dei aller første vi tok i mot til nye sengeområde.
Trond Arne Olsen
Bilde 1/4
Trond Arne Olsen innlosjert på kirurgisk sengeområde. Han gledde seg over enerom i flott, nytt sjukehus.
Sveip for å sjå reisen frå Molde til Hjelset.
Trond Arne Olsen blir trilla inn på Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
Foto: Helse Møre og Romsdal
Frå Molde sjukehus gjekk turen i maxitaxi.
Foto: Helse Møre og Romsdal
Reiseklar frå sengeposten på Molde sjukehus.
Foto: Helse Møre og Romsdal
Trond Arne Olsen
Bilde 1/4
Bildegalleri fullskjermvisning

Tore Kristiansen
Bilde 1/2
Tore Kristiansen fekk stabilisert eit beinbrot i Kristiansund og er her på veg inn i det nye sjukehuset på Hjelset.
Foto: Helse Møre og Romsdal
Trygt på plass og snart klar for ny operasjon etter beinbrot.

Den første babyen
Veronica Hustadrem og Liv Sissel Fanum ventar på å ta i mot den første babyen ved barselhotellet. Med ankomst frå Molde sjukehus vart mottakinga ved hovudinngangen til SNR Hjelset med flagg og barneseng på hjul.
SPENT OG HØGTIDLEG. Veronica Hustadrem og Liv Sissel Fanum tok i mot den første pasienten til barselhotellet.
Foto: Helse Møre og Romsdal
VARM VELKOMST. Anna Marie Melsæter kom til Hjelset med si nyfødde datter Deline Marie. Ho var den siste som vart fødd ved Molde sjukehus og den første nyfødte på barselhotellet ved SNR.
Planlagt nøye
– Flyttinga har vore nøye planlagt og det har gått veldig fint, fortel klinikksjef Britt Rakvåg Roald om den spennende flyttinga av akuttfunksjonar og innlagde pasientar frå Molde og Kristiansund sjukehus.