Inviterer kvinner på Nordmøre og i Romsdal til å sjekke seg
Den 10. november arrangerer Klinikk sjukehuset Nordmøre og Romsdal #sjekkdeg-dag ved SNR Hjelset. Gynekologisk poliklinikk set av ein heil dag til til å ta imot kvinner som ønsker å ta livmorhalsprøve. Målet med dagen er å teste friske kvinner for å kunne avdekke og behandle celleforandringar før dei rekk å utvikle seg til kreft.

Foto: Helse Møre og Romsdal
– Vi gjer dette først og fremst fordi ein sjekk av livmorhalsen med celleprøve er ein så viktig sak, som vi ønsker å promotere og skape merksemd rundt. Dessutan opplev vi at folk tar kontakt med oss fordi dei ikkje har fastlege, og dermed ikkje veit kor dei kan få tatt prøven. Som ein bonus har vi unge, ivrige turnuslegar, som gjerne vil bli gode på å gjere gynekologisk undersøking, før dei skal ut i fastlegepraksis, fortel Kristine Rakvåg Roald som er lege i spesialisering og pådrivar for tilbodet.
Sjå også: Kor kan eg ta livmorhalsprøve (fhi.no)
Kven bør sjekke seg?
– Viss HPV-prøva (celleprøva) er negativ og ein ikkje har symptom, er kvinner mellom 25 og 69 år tilrådd å ta livmorhalsprøve kvart femte år. Vi oppmodar derfor kvinner som av ulike grunnar ikkje har fått teke livmorhalsprøva etter tilrådd kontrolltid om å ta kontakt for å bestille ein time, seier Roald. Dette er eit gratis-tilbod som vi ønskjer å tilby på denne dagen, for å senke terskelen til undersøkinga.
Roald ber samtidig kvinner som har symptom frå underlivet, som bløding utanom syklus, smerter eller unormal utflod om å kontakte fastlegen sin. Då kan det vere andre undersøkingar enn livmorhalsprøve som er mest rett.
Slik bestiller du time
Bestill time på telefon 71117503 mellom 20. og 24. oktober. Den første sjekkdeg-dagen blir 10. november kl 8:30-16:00.
Sjekkdeg-dag 2 gongar i året
Planen er å arrangere sjekk deg-dag kvart halvår framover. Det er satt av fire rom på poliklinikken og Roald reknar med at dei rekk å ta i overkant av 100 celleprøver kvart halvår. Dersom pågangen blir stor til 10. november, blir det mogleg å sette seg opp på liste til neste runde i 2026.

Foto: Helse Møre og Romsdal