Norovirus ved avdeling på Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Det er påvist smittsam omgangssjuke (Norovirus) ved sengeposten Medisin 3 ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

Foto: Helse Møre og Romsdal
Avdelinga har gjennomført smittevask og innført besøksrestriksjonar for å førebygge smittespreiing. Pårørande til kritisk sjuke kan besøke etter avtale med avdelinga.
Symptoma på smittsamt magevirus er akutt kvalme, oppkast, magesmerter og diaré. I tillegg får mange influensaliknande symptom som feber, muskel- og leddsmerter og vondt i hovudet.
Vi minner samtidig om våre generelle besøksrutiner
Hugs at du ikkje kan besøke nokon på sjukehuset dersom du dei siste dagane har hatt hatt oppkast, diaré, hoste, sår hals, tungpust eller feber.
Unntak kan innvilgast for pårørende til kritisk sjuke og/eller døyande. Dette avtalar du med aktuell avdeling på førehand og følgjer deira smittevernråd.