Ny hovudinngang ved Ålesund sjukehus opnar 1. oktober
Onsdag 1. oktober opnar den nye hovudinngangen ved Ålesund sjukehus. Dette betyr at pasientstraumen blir snudd – frå sør til nord – og markerer ei viktig endring i korleis ein kjem inn til sjukehuset.

Alle pasientar og besøkande som skal inn på sjukehuset må frå onsdag 1. oktober bruke den nye hovudinngangen nord for sjukehuset. Pasientar og besøkande til barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, dagkirurgi aust, Åse hotell, audiopedagogen og vaksenpsykiatrien skal framleis bruke inngangen direkte til avdelinga.

Dette må du vere merksam på:
Hovudvestibylen i sør blir stengd
Frå og med 1. oktober er den tidlegare hovudinngangen i sør stengd for pasientar og besøkande.
Skilting og vakter
Det blir sett opp midlertidig skilting rundt sjukehuset som viser veg til den nye inngangen. I tillegg vil vi ha ekstra personell ute for å hjelpe og rettleie.
Parkering og transport
Ingen endringar i parkeringsplassar for pasientar og besøkande, men ved hovudinngangen blir det etablert korttidsparkering (30 min), HC-parkering, «Kyss og køyr»-sone, parkering for blodgivarar og ny ventesone for taxi.

Sjukehusvertar
Frå kl. 08.00 vil frivillige sjukehusvertar vere på plass ved den nye inngangen. Dei hjelper med å vise veg og kan følge pasientar til rett avdeling ved behov.
Opningstider hovudinngangen
Kvardagar: kl. 07.00–20.00. Helg: kl. 10.00–20.00.
Etter at dørene i hovudinngangen er stengt, må besøkande som henvender seg der, nytte porttelefoniapparat rett utanfor døra. For pasientar og besøkande som har behov for det, er det framleis mogleg å nytte venteromsinngang i akuttmottaket.
Frå 2026: Nytt parkeringshus og kollektivknutepunkt
I januar 2026 er det nye parkeringshuset nord for sjukehuset planlagt ferdig. Då skal pasientar og besøkande i hovudsak parkere der. Busshaldeplassen blir flytta til nord, med gangveg gjennom parkeringshuset til hovudinngangen.