Gi beskjed dersom du ikkje treng timen din
Helse Møre og Romsdal oppmodar no pasientar om å ta kontakt dersom dei ikkje lenger har behov for timen sin. Dette gir andre pasientar moglegheit til å få raskare behandling.

– Enkelte pasientar opplever at dei ikkje lenger har behov for timen dei har fått, enten fordi tilstanden har betra seg eller fordi dei har fått hjelp ein annan plass. Dersom du ikkje treng timen din, ber vi deg ta kontakt så vi kan gi tilbodet til ein annan pasient som ventar, uttaler fagdirektør Erik Ganesh Søegaard.
Som ein del av «Ventetidsløftet» og «Aksjon 15.000» har Helse Møre og Romsdal eit mål om at ventetidene skal vere kortare innan utgangen av mai 2025 enn i juni 2019. For å oppnå dette har sjukehusa sett i gang fleire tiltak, inkludert kvelds- og helgepoliklinikkar og kjøp av private helsetenester der det er nødvendig.
I tillegg blir det gjennomført ein omfattande gjennomgang av ventelistene for å sikre at dei pasientane som har venta lengst, blir prioritert til ekstraaktiviteten.
– Våre tilsette ser ofte at behov har endra seg eller at pasientar har fått hjelp ein annan plass. For å kunne behandle flest mogleg er det viktig at vi får beskjed dersom sjukdomsbiletet har endra seg, uttaler fagdirektøren.
For å utnytte kapasiteten betre samarbeider sjukehusa i Midt-Noreg tettare enn før. Dersom det er ledig kapasitet ved eit anna sjukehus, kan pasientar få tilbod om behandling der for å få raskare hjelp. Dette kan bety at timen vert flytta til ein annan stad enn først planlagt, men til gjengjeld vil pasienten få behandling tidlegare.
– På denne måten får fleire pasientar kortare ventetid, uttaler Erik Ganesh Søegaard, som meiner fordelane med raskare behandling ofte veg opp for ein eventuell lenger reiseveg.
Helseføretaket har innført behovsstyrte kontrollar innan fleire fagområde for å sikre betre ressursbruk.
– Ein stor del av kapasiteten går til rutinemessige kontrollar som ikkje alltid er nødvendige. Med behovsstyrte kontrollar og oppfølging med videokonsultasjonar kan pasientane sjølv melde inn om og når dei treng spesialisert oppfølging. Erfaring frå andre sjukehus viser at dette kan gjere at opp mot 70 % færre treng å reise til sjukehuset, uttaler fagdirektør.
Helse Midt-Noreg har peika ut følgande fagområde som har dei største utfordringane knytt til ventetider: augesjukdommar, hudsjukdommar, ortopedi, gynekologi, og øyre-nase-hals samt psykisk helsevern for både barn og vaksne. For å redusere ventetidene innan desse fagområda får helseføretaket no ekstra midlar. Desse vert brukt til målretta tiltak for å sikre at fleire får rask behandling.
For å nå målet om kortare ventetider innan juni 2025 er det viktig at alle tiltak vert nytta. Dersom du ikkje lenger treng timen din, ber vi deg ta kontakt så raskt som mogeleg slik at vi kan gi tilbodet til ein annan pasient som ventar.