Ny leiar og nestleiar for Partnarskapsmøte i Helsefellesskap Møre og Romsdal
I Partnarskapsmøtet (PM) i Helsefellesskap Møre og Romsdal 7. mai 2025 vart ordførar i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand, vald til ny leiar og styreleiar i Helse Møre og Romsdal (HMR), Ingve Theodorsen, vald til ny nestleiar.

Strand og Theodorsen overtok som leiar og nestleiar etter kommunedirektør i Hustad kommune, Per Sverre Ersvik, og kommunikasjons- og samhandlingsdirektør i HMR, May-Helen Molvær Grimstad, som har vore leiar og nestleiar i PM dei to siste åra.
Møtet fann stad i rådhussalen i Molde, og samla politisk og administrative toppleiarar frå både helseføretaket og kommunane i fylket. PM er eit utval i Helsefellesskapet der føremålet er å informere om utfordringar, skape felles forståing og forankre strategi for å løyse felles utfordringar. Det var til saman 50 representantar som deltok på møtet.
– Det var særs hyggeleg å sjå at mange ordførar hadde tatt vegen etter at det vart opna for utvida invitasjon til desse i revidert samarbeidsavtale, sa samhandlingssjef i HMR, Eli Otterlei, etter møtet.
Årsrapport og nasjonalt rekrutterings- og samhandlingstilskot
Årsrapporten for Helsefellesskap Møre og Romsdal 2024 vart presentert og godkjend på møtet. Den viste at det er gjort mykje godt arbeid i utvala i Helsefellesskapet i året som har gått, men ressursbruken har vore stor i forhold til dei resultata ein har oppnådd. Framover vil talet på faglege utval bli redusert frå 12 til 6 utval og ein tek sikte på ein meir spissa felles handlingsplan med færre mål og tiltak.
Vidare vart det vedteke at Strategisk samarbeidsutval (SSU) skal forvalte og tildele rekrutterings- og samhandlingsmidlar i Helsefellesskap Møre og Romsdal. SSU skal sikre at midlane vert brukt effektivt og i samsvar med nasjonale kriterium. Målet er å forsterke samarbeidet mellom kommunar og helseføretak om tenesteutvikling og gode pasientforløp.
Utfordringar og utvikling
Viseadministrerande direktør i HMR Heidi Nilsen og ordførar i Ålesund kommune Håkon Lykkebø Strand samt kommunalsjef i Giske kommune, Lene Bjørlo Overå la fram sine perspektiv på utfordringar og utviklingsområde. Ein svært krevjande økonomisk situasjon både i helseføretak og kommunar, mangel på fagfolk og behov for omstilling i tenestetilbodet vart fremja som sentrale utfordringar. Det vart peika på behov for tettare samarbeid og felles forståing for å møte framtidas krav og forventningar.
Midt i alt det krevjande var det gledeleg å høyre at innbyggarane i Nordmøre og Romsdal kan glede seg over nytt sjukehus på Hjelset og at utbygging av Ålesund sjukehus (AIO-prosjektet) også er i rute.
Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund
Det har i det siste vore stort fokus på samanslåing av Kristiansund og Molde sjukehus til nye SNR på Hjelset. Samtidig har det vore planlagt for at eit distriktsmedisinsk senter (DMS) skal etablerast i den gamle sjukehuskroppen til Kristiansund sjukehus. Prosjektleiar Gudrun Karlsen og ordførar i Kristiansund kommune, Kjell Nergård, gav ei statusorientering om planlagde tilbod innan spesialisthelsetenesta og kommunale helsetenester som skal etablerast/er etablert i DMS Kristiansund, og kva for synergiar ein ser for seg ved samlokasjon.
Rørande song frå demenskoret KOR-kjekt
Kor Kjekt er eit songkor for heimebuande personar i Molde kommune som lev med ein demens sjukdom, og som likar å synge. Koret song for deltakarane i Partnarskapsmøtet. Det kulturelle innslaget var både vakkert og rørande og vart mottatt med stor applaus frå publikum.
Forventningsgapet
Avdelingsdirektør for Helse og Velferd i KS , Mari Trommald, haldt eit innlegg om gapet mellom det som forventast av kommunar og fylkeskommunar og det som er mogleg å yte med dei ressursane som er tilgjengeleg. Forventningane kan kome frå og mellom folkevalde, innbyggarar og nasjonale myndigheiter. Innlegget vart etterfylgt av refleksjon og dialog rundt borda.
Inspirasjon frå Danmark
Søren Barlebo Rasmussen, forskar og organisasjonsutviklar frå Danmark, delte sine perspektiv på kva som skal til for å møte framtidas utfordringar i helsevesenet. Hans innlegg vart godt motteke og skapte engasjement blant deltakarane.
Samhandlingskonferanse hausten 2025
Partnarskapsmøtet vedtok at den årlege samhandlingskonferansen skal finne stad i Ålesund, fredag 7. november 2025. Det kom fleire forslag til tema for konferansen:
- Endringsleiing – er vi radikale nok i vår transformasjon?
- Suksesshistorier på gode pasientforlaup og digital transformasjon
- Felles strategi for korleis rekruttere og behalde helsepersonell – motarbeide lønsspiral
- Endringar i tenestetilbod som får konsekvensar for den andre parten i samarbeidet – korleis orientere og involvere kvarandre i planlegging og konsekvensutgreiing
- Felles kommunikasjonsstrategi til innbyggarane - forventningar til helsetenestetilbod i sjukehus og kommunar
Leiar og nestleiar i PM og Samarbeidssekretariatet tek med seg forslaga til vidare planlegging av Samhandlingskonferansen 2025.