Problem med pålogging til enkelte nasjonale IT-løysinger for tilsette i HMR
Feil med kort for pålogging har ført til at 1800 tilsette i Helse Møre og Romsdal har mista tilgang til å logge på kjernejournal, signere sjukemeldingar og skrive ut e-resept.
Som følge av feilen må tilsette som er berørt få nye kort. Tilsette det gjeld er varsla via SMS. For å få nytt kort må tilsette ta med pass eller nasjonalt ID-kort på jobb.
Utfordringer med feilen er størst ved Ålesund sjukehus der over 1400 ansatte er berørt. Servicetorget ved dei ulike sjukehusa får utvida kapasitet for utlevering av kort.
- Det viktigaste er at feilen ikkje har fått konsekvensar for pasientbehandlinga. Eg er lei for alle ulempene som feilen har skapt for våre tilsette. Vi jobbar nå med fleire tiltak for å sikre rask tilgang til nødvendige verktøy, seier Olav Lødemel, administrerande direktør.
Feil i samband med oppdateringsjobb
Feilen oppstod i samband med ein rutinemessig oppdateringsjobb. Hendinga blei utløyst av ein sikkerheitsoppdatering. Rutinen blir køyrt føretaksvis, og feilen oppstod medan rutinen blei køyrt for Helse Møre og Romsdal. Andre føretak i Helse Midt-Norge er ikkje ramma av feilen.
- Hemit beklagar så mykje feilen som har oppstått og konsekvensane dette har for tilsette i HMR. Vi har sett i gang arbeid med å avdekke underliggande årsak til feilen, for å sikre at framtidige feil ikkje kan få tilsvarande konsekvensar, seier Trond Utne, administrerande direktør i Hemit.