Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Raskare behandling for fleire kvinnesjukdommar

Nytt utstyr på poliklinikkane og nye behandlingsmetodar gjer at Ålesund sjukehus og Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) kan gi raskare tilbod til fleire kvinner i fylket.

Publisert 06.11.2025
En gruppe kvinner i sykehustøy som står ved behandlingshjelpemidler på gynekologisk poliklinikk.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Sjukepleiarane frå første koniseringsdag på gynekologisk poliklinikk ved SNR Hjelset. Framme f.v. Åse Eidem, Kjærsti Dæhlin, bak f.v. Margrethe Lønseth og Helene Bjørnvold.

Vanlege kvinneplagar som muskelknutar, polyppar og arrdanning i underlivet har tradisjonelt blitt behandla på operasjonsstova, som har avgrensa kapasitet. Med nytt utstyr ved dei gynekologiske poliklinikkane tilbyr Helse Møre og Romsdal no dei same inngrepa poliklinisk med lokalbedøving. Det betyr større kapasitet, kortare ventetid og raskare heimreise for pasientane. Ved Ålesund sjukehus har dei nyleg starta med polikliniske hysteroskopiar, ein prosedyre for å fjerne polyppar, muskelknutar og arrvev. Målet er å tilby ca 70 prosent polikliniske hysteroskopiar framover. 

Portrettbilde av Gunnhild Vindvik Nordstrand
Seksjonsleiar ved Ålesund sjukehus, Gunnhild Vindvik Nordstrand.

 

– Vi er glade for å flytte hysteroskopien til poliklinikken. Det er ei viktig satsing at vi kan gjere ting på ein ny måte og gi pasientane våre ein mindre invasiv oppleving, seier seksjonsleiar ved gynekologisk poliklinikk i Ålesund, Gunnhild Vindvik Nordstrand. 

Dreiing frå operasjonsstove til poliklinikk 

Hysteroskopi er ein av fleire prosedyrer som Helse Møre og Romsdal no utfører på poliklinikken i staden for på operasjonsstovene. Praksisen er godt etablert ved fleire sjukehus i landet. 

– Ved Ålesund sjukehus har vi også bullkamid, som er eit tilbod til kvinner med inkontinens, og konisering som er ei behandlingform av celleforandringar, fortel Nordstrand.  

Ved SNR er dei i gang med konisering og har planar om å utvide med fleire behandlingar fortløpande.  

– Dreiinga frå operasjonsstove til poliklinikk for slik behandling er ei viktig og riktig utvikling, seier avdelingssjef ved SNR, Hilde Kvalsnes Aas. Ved SNR Kristiansund er tilbodet om konisering på poliklinikken godt etablert og no ligg forholda også til rette i nytt sjukehus på Hjelset. 

Portrettbilde
Seksjonsleiar ved SNR, Ida Gule.

 

– Fleire av behandlingstilboda våre kan gjerne gjerast poliklinisk, særleg prosedyrar i lokalanestesi. Her samarbeider legar og anestesipersonalet med å finne optimaliserte løysingar, slik at pasientane skal ha minst mogleg ubehag og for at det skal vere trygt og forutsigbart for alle inne på behandlingsrommet. Operasjonsmetodane blir også stadig forbetra, som gjer at tidsbruken for prosedyrane blir minimaliserte. Dette er med på å flytte "småkirurgi" frå operasjonsstovene slik at kapasiteten der også blir utbetra, noko som er sårt tiltrengt, fortel seksjonsleiar ved poliklinikken ved SNR, Ida Gule.  

Det blir gjort individuelle vurderingar for kvar enkelt pasient om ein kan få utgreiinga/behandlinga poliklinisk eller på operasjonsstova.