Ålesund sjukehus:
Frivillige sjukehusvertar skal møte pasientar med varme og omsorg
1. oktober opnar den nye hovudinngangen ved Ålesund sjukehus. Samstundes blir eit nytt og viktig tiltak sett i verk: frivillige sjukehusvertar skal ta imot pasientar, pårørande og besøkande med hjelpsomheit og omsorg.

– Sjukehusbesøk kan ofte vere prega av uro og usikkerheit. Å bli møtt av eit medmenneske som tilbyr støtte og ro, kan bety mykje, seier Brit Karin Velle, koordinator for sjukehusvertane i Helse Møre og Romsdal.

Ønskjer å bidra
Sjukehusvertane er frivillige – mange av dei pensjonistar – som har meldt seg fordi dei ønskjer å bidra. Nokre kjem ein gong i veka, andre tek fleire vakter eller stiller som tilkallingshjelp. Vaktene er delt inn i to skift: frå kl. 08.00 til 12.00 og frå 11.30 til 15.30. Overlappet er for å legge tilrette for sosialt fellesskap og lunsj.
– Per i dag har mellom 20 og 30 frivillige sagt ja til å vere med, fortel HR-konsulent Silje Beate Øye. Ho fortel at det blir arrangert ein opplæringsdag 15. september, der dei komande sjukehusvertane får innføring i teieplikt, kommunikasjon, brannvern og praktisk orientering i sjukehuset. Dei får også opplæring i MazeMap – eit digitalt verktøy for innandørs navigering, spesielt nyttig i store og komplekse bygg som sjukehus.
Skape tryggleik
– Oppgåvene deira vil vere å ta imot folk ved hovudinngangen, svare på spørsmål, hjelpe med rullestolar og følgje pasientar til rett avdeling. Dei vil vere eit supplement til den profesjonelle drifta og bidra til å skape tryggleik. Sjukehusvertane vil også vere godt synlege med raude vestar, seier HR-konsulent Unni Ann Rye, og legg til at det er mange sjukehus i Noreg som har ei ordning med frivillige sjukehusvertar.
Sjukehusvertane får lunsj, gratis parkering og kaffe – men det viktigaste for mange er nok det sosiale fellesskapet og gleda ved å gjere ein forskjell.
– Nokre pensjonistar har sagt at dei endeleg får kome tilbake til sjukehuset, møte gamle kollegaer og bidra med noko meiningsfullt. Det gir oss trua på at dette er eit tiltak som er godt for både pasientar og vertar, seier Velle.
Vil ha fleire frivillige
Ho legg til at dei gjerne vil ha fleire frivillige med som sjukehusvertar. I tillegg til ei eiga nettside for dei som er interessert har vi og kontakt med fleire samarbeidspartnarar som vil bidra inn med frivillige.
Tiltaket med sjukehusvertar er eit pilotprosjekt i Helse Møre og Romsdal. Dersom erfaringane frå Ålesund er gode, er målet å utvide ordninga til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal og Volda sjukehus. Det er HR-seksjonen som har ansvar for piloten med organisering og opplæring av sjukehusvertane.
Du kan lese meir om sjukehusvertane og melde di interesse på denne nettsida: https://www.helse-mr.no/praktisk-informasjon/sjukehusvertar/