Volda sjukehus først ut med ny fotontellar-CT i Midt Norge
Seksjon for radiologi ved Volda sjukehus tek no eit stort teknologisk steg inn i framtida. Etter nyttår får avdelinga installert ein topp moderne CT.

Fotontellar-CT er ein teknologi som er heilt ny i det norske og europeiske markedet, og ventast å bli ein standard for sjukehusa i åra framover.
– Fotontellar-CT representerer eit teknologisk skifte innan billeddiagnostikk. I dag er det kun Siemens som tilbyr slike maskinar, men fleire leverandørar vil følge etter. Volda blir blant dei aller første i Norge - og det første sjukehuset i Midt-Norge - til å ta teknologien i bruk, seier klinikksjef Per Erik Tødenes i Klinikk for diagnostikk.
Den nye CT-maskina gir fleire viktige fordelar:
- Merkbart betre billedkvalitet grunna ny og meir presis teknologi
- Opptil 45 % lågare stråledose, noko som er spesielt viktig for barn og pasientar som treng fleire undersøkingar
- Raskare scanning, som gir betre pasientkomfort og skarpare diagnostikk
- Inntil 30 % redusert behov for kontrastmiddel, som er positivt både for pasientane, miljøet og økonomien
– Vi er svært glade for at Volda sjukehus endeleg får ein topp moderne CT-maskin. Med dette får fagmiljøet styrka kapasitet innan diagnostikk, med både moderne og framtidsretta areal, ny MR-maskin, ny akuttlab og no også ein ny CT, seier Tødenes.