Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Eitt år med SNR: Tala viser ein sterk start

Eitt år etter opninga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset viser aktivitetstal, pasienterfaringar og driftsresultat ein vellukka start. I dag var det markering med kake og pynta lokaler.

Publisert 24.04.2026
Ei gruppe tilsette i kvitt arbeidstøy står i eit rom pynta med flagg.
FEIRING: F.v. sjukepleiar Kristin Stubø, seksjonsleiar akuttmottak Bjørg Indbjør, klinikksjef SNR Britt Rakvåg Roald og sjukepleiar Simona Virbickaite.

- Det første året i eit nytt akuttsjukehus er ei stor utfordring, som alle har løyst på beste vis. Arbeidet med å skape ein felles kultur har gått over forventningane mine, og pasientane har fått god behandling frå første dag. Det har vore nokre få feil og manglar ved bygget, men også dette har løyst seg på ein god måte. Samstundes er det gevinstar som må takast ut undervegs. Godt jobba av våre tilsette og gratulerer, seier Olav Lødemel, administrerande direktør i HMR. 

Klinikksjef for SNR, den største klinikken ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Britt Rakvåg Roald, trekkjer fram stabil drift, høg aktivitet og gode tilbakemeldingar frå pasientane.

- Vi har fått ein solid start og ser allereie effektar av å samle kompetansen. Eg har stor respekt for innsatsen som leiarar og tilsette har lagt ned dette året for å få bygget og dei nye konsepta til å fungere og halde høg kvalitet på pasientbehandlinga. No handlar det om å byggje vidare på dette og halde fram med fagleg utvikling til det beste for pasientane, seier Rakvåg Roald.

Ni tilsette ved nevrologisk sengepost poserer smilande med flagg for bildet.
Markering med flagg og pynt og kake ved SNR. Her er ein feststemt gjeng frå sengepost nevrologi. 

 

Høg aktivitet frå dag éin

Det første driftsåret har vore prega av høg og jamn aktivitet:

  • Tusenvis av innleggingar og polikliniske konsultasjonar

  • Eit breitt spekter av akutte og planlagde behandlingar

  • Stabil drift i akuttmottak og operasjonsavdelingar

Sjukehuset har raskt etablert seg som eit fullt fungerande akuttsjukehus for regionen og med eit godt dagtilbod i Kristiansund. 

Effektiv pasientflyt og moderne drift

Med nye bygg og betre logistikk har ein oppnådd kortare intern ventetid i sjukehuset, meir samanhengande pasientforløp og betre utnytting av operasjonsstover og diagnostisk utstyr. Dei fysiske rammene gir også betre arbeidsflyt for dei tilsette.

Pasientane er nøgde

Førebelse tilbakemeldingar frå pasientar viser høg tilfredsheit med behandlinga, betre oppleving av ro og privatliv med einerom, og ei positiv vurdering av samarbeidet mellom avdelingane.

Styrkt fagmiljø og rekruttering

Samlinga av fagmiljø har gitt konkrete utslag i større og meir robuste fagteam, auka fagleg samarbeid på tvers av spesialitetar og betre grunnlag for rekruttering og kompetanseutvikling. Dette styrkjer kvaliteten i behandlingstilbodet over tid.

Stabil drift gjennom det første året

Trass i ein krevjande oppstart har sjukehuset levert stabil drift:

  • Innflyttinga vart gjennomført utan alvorlege hendingar

  • Kritiske funksjonar har vore operative frå start

  • Drifta normaliserte seg raskt etter opninga

12 tilsette frå medisinsk sengepost 2 ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal oppstilt for bilde.
Tilsette ved sengeposten Medisin 2 på SNR. 
Et rom med vegg av plakater
Mange pynta avdelingar på eittårsdagen.
Langt bord med store marsipankaker. To tilsette smiler til kameraet
Kaker servert av avdelingssjef Jørn Kåre Aase (t.h).