Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Endring i beredskap for behandlingshjelpemiddel frå 31. august

Frå 31. august 2026 blir den regionale beredskapsordninga avvikla for behandlingshjelpemiddel utanom ordinær arbeidstid. For dei fleste pasientar vil endringa ikkje påverka behandlinga eller oppfølginga dei får.

Publisert 21.08.2026
Person som held ein smarttelefon nær ein rund sensor festa på overarma.

Illustrasjon: Colourbox.com

Behandlingshjelpemiddel er medisinsk utstyr som blir brukt heime, for eksempel insulinpumper, respiratorar og anna utstyr som er ein del av behandlinga du får gjennom sjukehuset.

Etter ei fagleg vurdering er det vedteke å avvikle den regionale beredskapsordninga som har gitt teknisk støtte utanom ordinær arbeidstid. Sjukehusa vurderer at pasienttryggleiken framleis er godt vareteken gjennom eksisterande rutinar, reserveutstyr og oppfølging frå behandlande avdeling.

Kva betyr dette for deg?

Dersom du opplever tekniske problem med behandlingsutstyret ditt utanom ordinær arbeidstid, vil du ikkje lenger få hjelp gjennom den regionale beredskapsordninga.

Mange pasientar har allereie reserveutstyr eller alternative løysingar som dei har fått informasjon om frå behandlingsstaden sin. Ved spørsmål eller behov for hjelp skal du følgje dei råda og rutinane du har fått frå avdelinga som følgjer deg opp.

Ved akutt sjukdom eller situasjonar som kan vere alvorlege, skal du kontakte legevakt på telefon 116 117 eller ringe 113.