Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal med sju nye representantar
Ottar Jan Løvoll tar over leiarrollen etter Paula Næss Skår.

Mandag hadde det nye brukarutvalet i Helse Møre og Rosmdal sitt første møte. Av ti representantar er heile sju heilt nye ansikt.
Nyvalt leiar er Ottar Jan Løvoll som representerer Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes foreninger i Nordvest (SAFO). Nestleiar er Sandra Borhaug som representerer Landsforeningen for pårørande innan psykisk helse.
I tillegg er Nina Kristine Røe Eliassen (Kreftforeninga), Espen Myrvåg (RIO – ein landsdekkande brukarorganisasjon på rusfelt), Solveig Jacobsen (SAFO Nordvest), Kjell Ove Salen (Hørselhemmedes Landsforbund) og Heidi Anita Johansen (Hjernesvulstforeningen Region Midt-Norge) oppnemnd.
Brukerutvalget er eit rådgivande organ for administrerande direktør og styret, og skal bidra med erfaringar og perspektiv frå brukarar og pårørande. Gjennom dialog, innspel og deltaking i prosessar er utvalget med på å setje pasienten sine behov i sentrum – både i strategiske val og i den løpande utviklinga av tenestene.
Utvalet vil vere tett involvert i sentrale saker for Helse Møre og Romsdal, mellom anna knytt til kvalitet og pasienttryggleik, omstilling, digitalisering og utvikling av pasientforløp.
Meir informasjon om samansetjing og mandat for brukerutvalget finn du på helse-mr.no