Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vidarefører døgnbehandling ved begge DPS i Nordmøre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal avsluttar utgreiinga av ei samling av døgnbehandlinga ved DPS i Nordmøre og Romsdal. Både Kristiansund og Molde skal framleis ha DPS med døgnbehandling. Innsparingskravet i Klinikk for psykisk helse og rus står samstundes fast.

Publisert 27.10.2026

I styresak 75/26 bad styret i Helse Møre og Romsdal om vidare utgreiing av strukturelle endringar i tenestetilbodet. Eitt av fleire tiltak som vart greidde ut, var å samle døgnbehandlinga ved DPS Nordmøre og Romsdal i éi eining. Sidan tiltaket rører ved det nasjonale oppdraget innan psykisk helsevern, har dialog med Helse Midt-Norge vore ein nødvendig del av utgreiingsarbeidet

Adm.dir. Olav Lødemel

Etter ei samla vurdering avsluttar føretaket no utgreiinga av tiltaket. Både DPS Knausen og DPS Nordlandet blir vidareførte som døgninstitusjonar.

– Eg har hatt samtalar om moglegheitene og handlingsrommet knytt til døgnbehandling innan psykisk helsevern, og vi har arbeidd med ulike løysingar. Konklusjonen er at vi vel å ikkje gå vidare med å samle døgnsengene ved eitt DPS, seier Olav Lødemel, administrerande direktør i HMR.

Han påpeikar at innsparingsbehovet ikkje er borte. Klinikken må framleis redusere kostnadene med 20 millionar kroner.

– Alle delar av klinikken må vere med i dette arbeidet, også DPS-institusjonane med døgnbehandling. Vi må heile tida tilpasse drifta til behov, kapasitet og økonomi, seier Lødemel.