Personvernerklæring for helse-mr.no

Personvererklæringa for Helse Møre og Romsdal sine nettsider handlar om korleis vi samlar inn og brukar informasjon om besøkande på helse-mr.no.

Personve​​rn på nettsidene våre

Når du besøker helse-mr.no og nettsidene våre samlar vi inn nokre opplysningar. Desse opplysningane kan ikkje identifisere deg som enkeltperson. Du kan òg sende opplysningar til oss, og du bestemmer sjølv kva opplysningar vi skal motta. Under kan du lese meir om dette.​

Opplysningar vi samlar inn

Når du besøker helse-mr.no samlar vi inn besøksstatistikk og søkeord. Alle nettsidene våre bruker informasjonskapslar (cookies). Ingen av desse opplysningane kan identifisere deg som enkeltperson.

Viss du speler av ein video, kan det bli samla inn opplysningar om deg. Les meir om dette under.​

Vi samlar inn besøksstatistikk (nettstatistikk) for å forbetra nettsidene våre. Desse opplysningane kan ikkje brukast til å identifisere deg som person. Besøksstatistikken blir lagra på datamaskinene våre.

Besøksstatistikken viser kor ofte kvart enkelt område av nettsida blir besøkt. Vi kan ikkje spore bruken av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.

Døme på informasjon som blir lagra er; tal besøkande på dei ulike sidene, informasjon om kva nettside du var på før du kom inn på nettstaden vår (url-adressen du kom frå), kvar lenge du er på nettsida og kva nettlesar du bruker. Informasjonen som blir lagra blir brukt slik at tilbodet og innhaldet i nettsida kan bli betre og vidareutviklast.

​Vi bruker ei løysing frå Matomo. Ho lagrar ikkje opplysningar om deg som enkeltperson. Alle data vil lagrast lokalt hos Norsk Helsenett i Noreg.
Meir informasjon om Matomo: https://matomo.org/​.

Vi samlar inn og lagrar informasjon om kva søkeord du brukar på helse-mr.no. Nettsida du er på når du søker, blir også lagra. Formålet med dette er å gjere informasjonen vår betre og meir tilrettelagt behovet til brukarane. Vi kan mellom anna finne ut kva søkeord som gir treff og kva søkeresultat du vel. ​

På helse-mr.no bruker vi informasjonskapslar for å gi god funksjonalitet og samle inn besøksstatistikk. Informasjonskapslar blir lagra på datamaskinen din. Informasjonskapslane kan spore internettbruken din, men dei kan ikkje identifisere deg som person.

Oversikt over informasjonskapslar på helse-mr.no

Vi bruker videotenesta Youtube frå Google. Når du les ei nettside på helse-mr.no,
med ein innebygd video (videoen blir spelt i ei ramme på nettsida), samlar Google ikkje inn informasjon om deg. På dei innebygde videoane på nettsidene våre har vi aktivert "Slå på modusen for styrka personvern" for å hindre at Google samlar inn og lagrar informasjonen om deg.

Google bruker informasjonskapslar (cookies) når du speler av ein video. Når du speler av ein Youtube-video må du godta personvernerklæringa frå Google (https://policies.google.com/privacy?hl=no).

Viss du trykker på ei lenke til ei ekstern nettside, kan du kome til ein netteneste som samlar inn opplysningar om deg. Helse Møre og Romsdal kan ikkje ta ansvar på slike eksterne nettsider. Google kan samle inn informasjon om deg når du opnar innhald frå Google i eige vindauge. Derfor bygger vi inn Youtube-videoer på helse-mr.no-sidene som beskrive over slik at Google ikkje samlar inn opplysningar om deg.

Du kan hindre at Google samlar inn informasjon om deg ved å ikkje opne eksterne lenker. Du kan sikre deg ved å ikkje vere pålogga den personlege Google-kontoen din. Viss du nyttar anonym visning i nettlesaren din, kan du sikre deg ytterlegare.

Opplysingar du sender til oss

Du kan sende oss tilbakemelding på nettsidene eller sende oss ein e-post. Ver vennleg å ikkje sende sensitive personopplysingar. Spørsmål om di behandling må du ta med fastlegen din eller behandlaren din på sjukehuset.

Når du besøker helse-mr.no kan du gi tilbakemelding på dei fleste sidene under «Fann du det du leita etter?». Det er frivilleg å sende oss innhald.

  • Tilbakemeldingane blir lagra på våre serverar
  • Tilbakemeldingane blir brukt som innspel til forbetring og utvikling av nettsidene
  • Dersom du skriv inn telefonnummer, fødselsnummer eller e-postadresse, blir desse opplysingane automatisk sletta før innsending
  • Innhaldet i tilbakemeldingane blir regelemessig gjennomgått manuelt av redaksjonen for helse-mr.no. Innhald med personopplysingar blir sletta av av redaksjonen for helse-mr.no. Vi lagrar ikkje innhald eller personopplysingar som kan identifisere deg som person.
  • Vi bruker tenesten reCAPTCHA frå Google til å sikre at tilbakemeldingsskjemaet ikkje blir misbrukt av roboter. Vår databehandlar sørger for at tenesten ikkje kan samle inn personopplysingar knytt til deg som bruker av helse-mr.no.

Du kan kontakte sjukehuset på e-post. Du bestemmer sjølv kva opplysingar du sender, men ver vennleg å ikkje send sensitive eller fortrulege opplysingar på e-post. Du bør bruke vanleg brevpost til dette (sjå postadressa vår nedst på sida).

  • Helse Møre og Romsdal har eit felles postmottak postmottak@helse-mr.no
  • Kommunikasjon og samfunnskontakt er redaksjonen for helse-mr.no, og har e-postadressa info@helse-mr.no
  • På nettsidene våre har vi lagt ut fleire epostadresser, både til enkelte avdelingar og til enkelte tilsette.   

Helse Møre og Romsdal har rutinar for handtering og oppbevaring av e-post. E-post vi mottek blir lagra i vårt interne e-postsystem i ein periode før den blir sletta. Dette er for å gi tid til nødvendig vurdering og saksbehandling.

  • E-post og anna som krev saksbehandling eller som er arkivverdig i tråd med arkivlova blir registrert som sak i vårt interne arkivsystem. Registrerte saker blir lagra i vårt arkivsystem til evig tid.
  • E-post blir behandla på same måte som anna post til oss. Normalt blir registrerte saker besvart med vanleg brevpost. I nokre tilfelle kan vi svare på e-post.
  • E-post er ikkje ein sikker kommunikasjonsmetode og har mange svakheiter. Du bør ikkje sende sensitiv informasjon (for eksempel helseopplysingar) eller fødselsnummer (både fødselsdato og personnummer) til oss på e-post.

Helse Møre og Romsdal sender aldri e-post med sensitiv informasjon til deg.

Lenker til andre nettstader

På helse-mr.no har vi lenker til andre nettstader. Personvernerklæringa for helse-mr.no gjeld ikkje for andre nettstader/nettsider eller andre eksterne løysingar. Når du besøker andre nettstader bør du derfor lese personvernerklæringa som gjeld på desse nettstadane.

Ansvar

Helse Møre og Romsdal, ved administrerande direktør, er behandlingsansvarleg for personopplysingane som blir behandla i Helse Møre og Romsdal. Ansvar for daglege oppgåver på helse-mr.no er delegert til våre webredaktørar.

Norsk helsenett (NHN) er Helse Møre og Romsdal sin databehandlar og ansvarleg for utvikling og vedlikehald av helse-mr.no og Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta. Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg har ein databehandlaravtale med NHN som regulerar kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis informasjonen skal behandlast.

Norsk helsenett er nasjonal tenesteleverandør og teknisk leverandør av drift og vedlikehald av nettstaden. Opplysingane som blir samla inn, blir lagra på serverar som blir drifta av NHN.

Personvernombordet skal ivareta personverninteressene til alle som får sine personopplysingar registrert av Helse Møre og Romsdal. Personvernombodet har ei uavhengig stilling i sitt arbeid som ombod.  

Personvernombodet i Helse Møre og Romsdal

Personvernerklæring for Helse Møre og Romsdal HF

Helse Møre og Romsdal samlar inn personopplysingar til ei rekke forskjellige formål som ledd i pasientbehandling, dagleg drift og oppgåveløysing elles i sjukehuset. Les personvernerklæringa som skildrar korleis Helse Møre og Romsdal behandlar og beskyttar personopplysingane.
Personvernerklæring for Helse Møre og Romsdal
Illustrasjonsbilde

Personvernombod

Personvernombodet skal sikre personverninteressene til alle som får personopplysingane sine registrert i Helse Møre og Romsdal. Sjølv om personvernombodet er tilsett i Helse Møre og Romsdal, har det ei uavhengig stilling i sitt arbeid som ombod.
Kontaktinformasjon og meir om personvernombodet sine oppgåver
Illustrasjonsbilde
Sist oppdatert 13.06.2022