#Råbra! er eit system for å fokusere, lære og forbetre ut i frå gode prestasjonar i organisasjonen. På den måten kan vi bidra til auka pasienttryggleik og auka arbeidsglede.
Kvifor tildeler vi #Råbra!
- Lære av det vi gjer bra
- Sjå kvarandre
- Auke arbeidsgleda
- Styrke pasienttryggleiken
- Styrke samarbeidet
- Trygge arbeidsmiljøet
- Bli gode lagspelarar
#Råbra! blir meldt i kvalitetssystemet
Tilsette i Helse Møre og Romsdal kan sende inn #Råbrakort! til den dei meiner har gjort noko råbra. Her bruker vi meldeportalen i EQS.
Slik kan LEIAR sikre læring og forbetring gjennom #Råbra
- Vurdere læringspotensialet
Er det tilfeldig at dette vart gjennomført på ein #råbra måte- eller ligg det noko bak? - Ta ein #RåbraPrat!
I ein samtale med den tilsette blir læringspotensialet utforska vidare i fellesskap. Her bør det også vere fokus på korleis leiarlinja kan legge til rette for liknande #Råbra! hendingar. - Iverksett tiltak for å få meir av det #Råbra!
Dersom vi kan forstå kva det er som bidreg til at ting går bra kan vi betre både arbeidsmiljø og pasienttryggleik ved å gjere meir av dette. Vurder korleis varige endringar mogleggjer tilpassingsdyktigheit for, og rundt dei tilsette.
Sist oppdatert 26.05.2025