Evaluere med positivt forteikn

#Råbra!

Forsking viser at det å lære av uønskte hendingar har moderat effekt, medan positiv forsterkning er meir prestasjonsfremjande. Derfor innfører HMR #Råbra!

Tekst: #Råbra! og tommel opp

#Råbra! er eit system for å fokusere, lære og forbetre ut i frå gode prestasjonar i organisasjonen. På den måten kan vi bidra til auka pasienttryggleik og auka arbeidsglede.

Kvifor tildeler vi #Råbra!

  • Lære av det vi gjer bra
  • Sjå kvarandre
  • Auke arbeidsgleda
  • Styrke pasienttryggleiken
  • Styrke samarbeidet
  • Trygge arbeidsmiljøet
  • Bli gode lagspelarar

#Råbra! blir meldt i kvalitetssystemet

Tilsette i Helse Møre og Romsdal kan sende inn #Råbrakort! til den dei meiner har gjort noko råbra. Her bruker vi meldeportalen i EQS.

 

Slik kan LEIAR sikre læring og forbetring gjennom #Råbra

  1. Vurdere læringspotensialet
    Er det tilfeldig at dette vart gjennomført på ein #råbra måte- eller ligg det noko bak? 
  2. Ta ein #RåbraPrat!
    I ein samtale med den tilsette blir læringspotensialet utforska vidare i fellesskap. Her bør det også vere fokus på korleis leiarlinja kan legge til rette for liknande #Råbra! hendingar.
  3. Iverksett tiltak for å få meir av det #Råbra!
    Dersom vi kan forstå kva det er som bidreg til at ting går bra kan vi betre både arbeidsmiljø og pasienttryggleik ved å gjere meir av dette. Vurder korleis varige endringar mogleggjer tilpassingsdyktigheit for, og rundt dei tilsette. 

Slik lærer de av andres gode erfaringer

På Ålesund sykehus «fersker» kollegaer hverandre i å gjøre noe bra. Det bygger kultur og bidrar til bedre tjenester.

Les saken på Idebanken.no
Et par kvinner på sykehus
Sist oppdatert 05.12.2023