DMS Kristiansund blir utvikla i samarbeid mellom Kristiansund kommune, Nordmøre Interkommunale politiske råd (Nipr) og Helse Møre og Romsdal. Målet er å skape meir samanhengande helsetenester og styrkje samhandlinga mellom kommune- og spesialisthelsetenesta. Her er ein status for arbeidet per juni 2026.
Kva arbeider prosjektet med per juni 2026?
Arbeidet med DMS Kristiansund har no med to hovudfokus:
- Utgreiingsarbeid knytt til kommunalt tenesteinnhald i DMS
- Delprosjektet PSHT SNR DMS (Pasientsentrert helseteneste), som skal bidra til betre oppfølging og samhandling for skrøpelege eldre mellom kommunane, DMS Kristiansund og SNR Hjelset.
Kvifor blir det gjennomført ei utgreiing av kommunalt tenesteinnhald?
Bystyret i Kristiansund vedtok i mars i år at kommunalt tenesteinnhald i DMS skulle greiast ut med fokus på gevinstar, synergieffektar og økonomisk berekraft. Utgreiinga omfattar også vurderingar av korleis tenestene best kan lokaliserast i DMS for å legge til rette for gode pasientforløp, effektiv samhandling og god ressursutnytting.
Det blir gjennomført intervju og medverknad med leiarar og tilsette frå dei aktuelle tenesteområda gjennom sommaren og tidleg haust.
Prosjektet er i denne fasen innvilga prosesstøtte frå Innomed, som er eit nasjonalt kompetansenettverk for behovsdriven tenesteinnovasjon i helse- og omsorgssektoren.
Kristiansund kommune nyttar ekstern ressurs i utgreiingsarbeidet, Dagfinn Storvik, Afry. Prosjektleiar DMS, Gudrun Johannessen Karlsen, og Dagfinn Storvik leier utgreiingsarbeidet i fellesskap.
Arbeidet støttar opp under det langsiktige målet med prosjektet om å utvikle eit leiande distriktsmedisinsk senter med høg kvalitet, samhandling og innovasjon.
Tidslinje utgreiingsprosess kommunalt innhald inkl kommande milepælar 2026

Når blir det teke avgjerder i utgreiingsarbeidet?
Tenesteområde til utgreiing inkluderer vedtak om tenesteinnhald frå bystyrevedtak 26.januar 2023 og bystyrevedtak 12.mars 2026.
Politisk behandling skjer i oktober/november med endeleg behandling i bystyret Kristiansund 19.november.
Framdrift delprosjekt PSHT DMS
DMS-prosjektet har hatt god framdrift i delprosjektet PSHT SNR DMS. Delprosjektet har vist at tett samhandling og auka bruk av digitale verktøy mellom kommunar, DMS og sjukehus gir betre føresetnader for å identifisere, følgje opp og koordinere tenester til skrøpelege eldre. Erfaringane så langt gir eit godt grunnlag for vidare implementering, og vidare prosjektarbeid fokuserer på ressursavklaring, felles prioriteringar og arbeid med varige driftsmodellar på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta.
Prosjektet har eiga nettside: Oppfølging av skrøpelege eldre med PSHT (Pasientsentrert Helseteneste Team) - Helse Møre og Romsdal

Kva skjer vidare i DMS-prosjektet i 2026
- Medverknadsprosessen held fram etter sommaren.
- Utgreiinga blir ferdigstilt i oktober.
- Politisk behandling er planlagd i november.
- Resultatet av utgreiinga vil danna grunnlag for vidare utvikling av DMS.
- PSHT SNR DMS blir planlagd avslutta som prosjekt og vidareført i ordinær drift frå tidleg 2027, føresett nødvendige avklaringar og avgjerder.
Kommunikasjon
DMS-prosjektet samarbeider med SNR-prosjektet om felles informasjon ut til tilsette og innbyggarar.
Helse Møre og Romsdal og Kristiansund kommune skal også samarbeide om eit større informasjonsarbeid som skal kome innbyggarane til gode.
Prosjektleiar i DMS-prosjektet kjem gjerne ut til din arbeidsplass eller lag/forening/lokalpolitiske møte/utdanningsinstirusjonar etc med informasjon om prosjekt og innhald.
