
Ungdomsrådet
Vi er eit samla ungdomsråd for heile Helse Møre og Romsdal som er ei ungdomsutgåve av brukarutvalet i føretaket.
- Medlemmane er frå 13-26 år
- Fire helger med samling der to av dei er fysisk og to digital
- Vi har det veldig gøy i lag og speler spel på kveldane
- Godkjent fråver frå skule og jobb
- Vi får jobbe med saker vi synest er viktige
- Vi får løn for å delta på møte
- Vi er alle forskjellige, nokon lyttar mykje, medan andre snakkar mykje
- Alt blir tilpassa din situasjon
Dersom du som bur i Møre og Romsdal har innspel som vi kan ta med i arbeidet for ungdommar på sjukehusa, ta kontakt!
Navn
Victoria Aklestad
Leiar for ungdomsrådet
Navn
Isabell Simis Kristiansen
Nestleiar i Ungdomsrådet
- Det er oppretta eit samla ungdomsråd for heile Helse Møre og Romsdal
- Dette er ei ungdomsutgåve av brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal
- Medlemmane skal ha personleg erfaring med sjukehus og helsetenesta generelt
- Medlemmane må vere villige til å dele erfaringar og må ha eit ønske om å bidra til forbetring av tenestene
- Ungdomsrådet skal ha tett samarbeid med leiinga i føretaket
- Referat frå ungdomsrådet sine møte vil ligge fast som referatsak på styremøta i Helse Møre og Romsdal og møta i brukarutvalet
- Leiar eller representant frå ungdomsrådet deltek på brukarutvalet sine møte der det er naturleg på sak
- Prosedyre om overgang frå barne- og ungdomsavdeling til vaksenavdeling (både for somatikk og psykisk helsevern)
- Roll-ups for å nå ut i sjukehusa med informasjon om ungdomsrådet
- Trivselstiltak for barn og unge i helsetenestene
Ungdomsrådet er faste deltakarar i desse fora:
- Barn som pårørande, styringsgruppe
- Kvalitet i institusjonsbehandling i psykisk helsevern (KvIP)
- Helseplattformen
- FACT- ung prosjekt i Møre og Romsdal
- Faglig samarbeidsutval for barn og unge
- Barn og unges helseteneste
- I prosjekt med fokus på barn/ungdom
- Når de treng råd om korleis hjelpe/møte ungdommar
- I arbeidet med handlingsplanar/EQS-prosedyrar og andre styrende dokument som inkluderer ungdommar
- Vi kan korrigere vanskeleg språk/tilpasse til ungdommar
- I utforming av areal
Spør oss dersom du er usikker på om det de held på med er relevant for oss! Det er betre enn at vi ikkje får moglegheit til å vere med.

Victoria Aklestad
Isabell Simis Kristiansen
Tora Haberberger
Pia Johansen
Mayra Blank
Sarah Wulff Brunstad
Julie Ramstad (permisjon)
Eg vil bli med på å få til ei endring der det trengs, og sikre at ungdommar får ei god oppleving i helsetenestene.
Eg ønsker å vere ei stemme for ungdom, slik at dei får ein bedre kvardag på sjukehuset.
Eg vil jobbe for at personar skal bli sett på som personar, ikkje eit problem eller ein diagnose.
Eg er med i ungdomsrådet for å få meir fokus på sjukdommar som er mindre forska på, og for at barn og unge skal ha det så bra som mulig i møte med helsevesenet.
Eg er med i ungdomsrådet fordi eg vil vere med å gjere ein forskjell,at ungdom si stemme blir tatt på alvor og helsevesenet blir bedre for barn og unge.
Eg er med i ungdomsrådet for å gi ungdommane ei sterk stemme og skape betre helsetenester for oss!
Sist oppdatert 17.09.2026