Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tusen takk for innsatsen

I juni hadde fleire av medlemmane i Ungdomsrådet si siste samling. Tusen takk for arbeidet og innsatsen.

Publisert 27.08.2025
En gruppe kvinner som poserer for et bilde
Medlem som går ut av Ungdomsrådet frå sommaren 2025. Øverst frå venstre Andrine Mogstad, Victoria Ulstein Sporsheim, nede frå venstre Malin Strømsholm Riise og Victoria Talstad. Anette Iversen Aarønes og Else-Marie Løvik går også ut, men ikkje tilstades på bildet.

I juni hadde fleire av medlemmane i Ungdomsrådet si siste samling etter fleire år som medlem. Nokre av medlemmane har vore med sidan starten for 10 år sidan, og vore med å bygd opp arbeidet i Ungdomsrådet og jobba med viktige saker for barn og unge sine helsetenester i fylket.

10 år i Ungomsrådet

Ein av dei som går ut er avtroppande leiar Victoria Ulstein Sporsheim. Ho har vore med sidan oppstarten av Ungdomsrådet, der ho siste åra også hatt rolla som leiar. Victoria oppsummerer tida si Ungdomsrådet

Jeg synes tiden i ungdomsrådet har vært veldig læringsrik. Nå sitter jeg igjen med mange gode minner og venner for livet. Jeg har fått uttalt meg om viktige saker og kommet med mine meninger om hvordan helsetilbudet for barn og unge burde være. Det har vært veldig givende å være en del av ungdomsrådet, og jeg er evig takknemlig for alt jeg har fått oppleve og alle fine mennesker jeg har møtt gjennom disse 10 årene.
Victoria Ulstein Sporsheim
En person som holder en plakett

 

På vegne av Helse Møre og Romsdal HF, koordinator for Ungdomsrådet Jenni Hildre Dimmen og med-koordinator Marita Øye ønskjer vi å takke alle medlemmane for innsatsen over fleire år, lykke til vidare alle saman!

Sidan fleire av medlemmane av Ungdomsrådet går ut, er vi glade for å meddele vi har fått fleire nye medlem, og vi ser fram til arbeidet vidare med viktige saker.

Ta kontakt med oss

Har du spørsmål eller ønsker å bli medlem, send e-post til koordinator for Ungdomsrådet. Følg gjerne Ungdomsrådet på Instagram.

Jenni Mari Dimmen

Koordinator for ungdomsrådet

jenni-mari.dimmen@helse-mr.no

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si

Kontakt oss i LMS
En gruppe kvinner som poserer for et bilde