Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En person med rød vest som holder i en rullestol.

Sjukehusvertane hjelper deg

Frå oktober 2025 vil du kunne møte frivillige sjukehusvertar ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus. Sjukehusvertane er frivillige som bidreg med varme, tid og praktisk hjelp – som eit supplement til det profesjonelle arbeidet ved sjukehuset. Målet er å bidra til ei trygg og god oppleving for alle som kjem til sjukehuset. Sjukehusvertane kan gjere ein stor forskjell – saman med alle dei dyktige fagfolka som kvar dag gjer sitt beste for dei som treng det mest.

Du vil kjenne dei igjen på dei raude vestane, og dei er til stades på kvardagar mellom kl. 08.00 og 15.30.

Kva gjer ein sjukehusvert? 

  • Bidreg til ei trygg og god oppleving for alle som kjem til sjukehuset.
  • Er synlege i miljøet og yter service til pasientar og pårørande.
  • Kan hjelpe deg å finne fram, følgje deg til rett stad og svare på generelle
    spørsmål
  • Kan hjelpe deg med å finne rullestol ved behov og sørge for at dei er 
    tilgjengelege ved hovudinngangen.

Kvifor sjukehusvertar?

Oppstarten av sjukehusvertordninga markerer starten på noko nytt og viktig ved Ålesund sjukehus. Den nye hovudinngangen opna 1. oktober 2025 – og samtidig ønska vi velkommen våre aller første frivillige sjukehusvertar. Dette er ei satsing vi er stolte av, og som vi trur vil bety mykje for både pasientar, pårørande og tilsette.

Sjukehusvertene skal bidra til å skape gode møtepunkt i sjukehuset – i tråd med visjonen vår: Å vere på lag med deg for helsa di. Dei er eit varmt og medmenneskeleg supplement til sjukehusets profesjonelle drift, og ein viktig del av eit inkluderande og omsorgsfullt sjukehusmiljø. Vi ser på dei frivillige som verdifulle medspelarar i utviklinga av framtidas helsetenester.

Verdiane vi bygger på

Rolla som sjukehusvert er forankra i Helse Møre og Romsdal sine kjerneverdiar:

  • Tryggleik – å vere til stades med vennlegheit og praktisk hjelp, og bidra til ro og oversikt.
  • Respekt – å møte menneske med omtanke, forståing og verdigheit.
  • Kvalitet – å vere engasjert, lyttande og bidra til eit fellesskap der mennesket står i sentrum.

Frivillighet gir meining

Å vere frivillig sjukehusvert handlar om meir enn å vise veg eller finne ein rullestol. Det handlar om å vere den som ser, som lyttar, og som gir ro i ei stund som kan vere prega av uro eller usikkerheit. Mange vil hugse møtet med ein sjukehusvert.

Frivillig innsats kan også gi mykje tilbake – som mestring og meining – for både deg og dei du møter. Frivilligheit gir fellesskap og kan styrke både livskvalitet, helse og sosial tilhøyrigheit. Vi legg derfor til rette for faglege og sosiale møtepunkt gjennom året, og ønsker at sjukehusvertane skal kjenne seg som ein verdifull del av laget vårt.

Vil du vere med å gjere ein forskjell?

Vi har allereie fått mange flotte frivillige på laget vårt, men har du lyst til å bidra til eit varmare sjukehusmiljø så ta kontakt. Du bestemmer sjølv kor mykje du vil bidra – nokre timar i veka kan bety mykje for andre.

Stad: Ålesund sjukehus.

Tid: Nokre timar i veka – etter avtale.

Organisering: To vaktskift: 08.00–12.00 og 11.30–15.30.

 

Vi ser etter deg som

  • Har ledig kapasitet på dagtid og ønskjer å gjere ein frivillig innsats.
  • Er imøtekomande, vennleg og glad i å møte menneske.
  • Meistrar norsk godt og har evne til å lytte.
  • Har helse til å kunne stå og gå ein del i løpet av vakta.
  • Er påliteleg og punktleg.
  • Er over 18 år.

Vi tilbyr

  • Meiningsfullt frivillig arbeid der du kan gjere ein forskjell.
  • God opplæring og rettleiing.
  • Frivilligkontrakt og forsikring.
  • Gratis parkering og kaffi.
  • Tilbod om fagleg samling opptil to gonger i året.

Bli med oss og spre glede og omsorg på sjukehuset!

Ta kontakt på e-post: sjukehusvert@helse-mr.no
Vi ser fram til å høyre frå deg!

Sist oppdatert 09.10.2025