Ny infrastruktur for forsking og utdanning
På SNR Hjelset er det no kome ein simuleringslab, ein ny forskingspost og eit auditorium som er godt eigna for disputasar. Desse satsingane styrkjer både ferdigheitstrening og pasientnær forsking i føretaket. I tillegg har HMR inngått samarbeid med Inven2 – ei nasjonal eining som støttar sjukehus med handtering av kliniske studiar – noko som gir meir profesjonelle og robuste prosessar for oppdragsstudiar.

Areal til simulering og ferdighetstrening
I 2025 fekk Helse Møre og Romsdal på plass fysiske simuleringsareal ved alle sjukehus i føretaket. Med etablering av simuleringsareal ved Sykehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) – som det siste i føretaket – er det no eit samla og likeverdig tilbod innan simulering, ferdigheitstrening og kompetanseutvikling ved SNR, Kløvertun i Volda og Kunnskapssenteret i 6. etasje i Ålesund.
Simuleringsareala er utvikla i regi av VirtSim og bygde etter same prinsipp, med felles metodikk og utstyr. Dette gjer det mogleg for tilsette å delta i simulering og opplæring på tvers av lokasjonar, og styrkjer både samhandling, kompetansedeling og pasienttryggleik i heile føretaket.

Styrkar forskingsmiljøet og kompetansen i regionen
Forskingsposten opna 13. mai, har eit godt rusta laboratorium, og eit nært samarbeid med avdeling for biokjemi, mikrobiologi og patologi i heile fylket. Her blir pasientane møtt av sjukepleiarar, bioingeniørar og legar.
Forsking er ein viktig del av spesialisthelsetenesta. Den nye forskingsposten vil gi legar som også er forskarar høve til å gjennomføre forsking med eigna ressursar. Dette vil generere aktivitet som styrkar forskingsmiljøet og kompetansen i regionen.
Klinisk pasientnær forsking
Forskingsposten vil prioritere klinisk pasientnær forsking, i form av oppdrags- og bidragsstudiar. Aktiviteten vil bli bygd opp etter modellen i Ålesund, som har vist seg å gi gode resultat for både legar og pasientar. Personalet har allereie studiar dei skal starte med, og kompetanseutviklinga vil skje gradvis.
Avtale med Inven2
