Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Årsmelding for forsking og utdanning 2025

Økonomi for forsking og utdanning 2025

Helse Møre og Romsdal har det siste året styrka arbeidet med forsking og utdanning gjennom målretta bruk av både interne og eksterne finansieringskjelder.

En gruppe mennesker som står på en gul plattform med mynter

Forskingsfiniansering

Alle midlar i ramma til forsking kjem øyremerka til formålet frå Helse Midt-Norge HF. Saman med det resultatbaserte tilskotet, tilsvarte dette eit totalt budsjett på ~ 33,4 millionar til bruk for forsking for 2025. 

Figur 1 synefordelinga av desse midla på hovudpostar som løn og drift ved seksjon for forsking og innovasjon og dei to kliniske forskingspostane (Seksjon for kliniske studiar)konkurranseutsett interne utlysinginfrastruktur (Inven2 og ekstraordinær utlysing) og prosjektstillingar som «frikjøper» klinikar til forskingsoppgåver. Desse inkluderer ikkje pensjonsutgiftar.

Per 2025 var 23 klinikar-forskarar tilsett i midlertidige forskarstillingar (20-40%) og 4 i amanuensisstillingar ved NTNU (8 årsverk samla). Desse bidreg mellom anna sterkt som fasilitatorar for kliniske behandlingsstudiar, som rettleiarar for studentar og til HMRs poenggjevande vitskaplege publisering. 10 klinikarar går òg i internt finansierte ph.d.-stipendiat (5 årsverk). 

 

Ekstern finansiering

 
I tillegg kjem eksternt finansierte forskingsprosjekt og sponsorstudiar. I 2025 bidrog ph.d.- og forskarstipend tildelt frå Samarbeidsorganet til tilsette ved HMR med 6-7 mill. kroner i lønsmidlar.

Kliniske studiar gir ikkje berre fagleg utvikling og betre pasienttilbod, men har òg tydelege økonomiske effektar for føretaket. Desse omfattar både direkte finansiering frå studiar og indirekte innsparingar i form av redusert behandlingskostnad og frigjorde ressursar. 

Sponsorar, oftast legemiddelindustri eller leverandørar av medisinsk-teknisk utstyr, kjøper tenester frå føretaket. Dette gir direkte kompensasjon for bruk av personell, undersøkingar, administrasjon og gjennomføring av studiar. Samstundes medfører studiane indirekte gevinstar, mellom anna ved at kostnader til legemiddel og oppfølging i ein periode blir dekte gjennom studien, og ved at aktivitet kan flyttast frå ordinær drift til klinisk forskingspost. Dette bidreg til å frigjere kapasitet i klinikkane og styrkje ressursutnyttinga. 

Eit konkret døme frå ein klinisk studie illustrerer korleis slike gevinstar kan realiserast i praksis (sjå tekstboks). Slike erfaringar viser at kliniske studiar ikkje berre er forsking, men òg ein integrert del av behandlingstilbodet, med både faglege og økonomiske effektar. 

For HMR inneber dette eit potensial for å vidareutvikle kliniske studiar som eit strategisk verkemiddel – både for å styrkje pasienttilbodet og for å sikre berekraftig ressursbruk.

Døme på økonomisk effekt av klinisk studie

Ein klinisk studie har fleire sider. I tillegg til pasientnære fordelar og kompetanseheving for tilsette, har studien òg klare økonomiske konsekvensar for avdelinga – både direkte og indirekte. 

Sponsor kjøper ei teneste frå føretaket og gir kompensasjon for mellom anna: 

Arbeidstid for personell (lege, sjukepleiar, bioingeniør) 

Undersøkingar (koloskopi, CT, MR, blodprøver) 

Planlegging og oppstart 

Administrasjon og generelle kostnader 

Monitorering og dokumentasjonsarbeid

I tillegg kjem indirekte gevinstar. Avdelinga sparer kostnader til legemiddel så lenge pasienten deltek i studien, uavhengig av om legemiddelet er eksperimentelt eller godkjent. Dersom studien blir gjennomført ved klinisk forskingspost, kan dette òg frigjere kapasitet i ordinær poliklinikk. 

I eitt konkret tilfelle fekk ein pasient med behov for ny behandling tilgang til eit legemiddel gjennom ein klinisk studie før det var marknadsgodkjent. Legemiddelet vart seinare godkjent, og pasienten deltok vidare i oppfølgingsstudie med finansiert behandling. Berre legemiddelkostnaden utgjer om lag 350 000 kroner per pasient per år etter godkjenning. 

Dømet illustrerer korleis kliniske studiar både gir pasientane tidleg tilgang til ny behandling og samtidig kan bidra til vesentlege kostnadsreduksjon for helsetenesta.

Utdanningsfinansiering

Helse Møre og Romsdal brukte i overkant av 28 millionar kroner på utdanningstiltak i regi av stab i 2025. Nær 70 prosent av midlane gjekk til nye utdanningsstillingar i 2025 (15 stillingar), samt vidareføring av kandidatar som starta i 2024 (24 stillingar) og 2023 (2 jordmødrer).

Om lag 12 prosent av budsjettet gjekk til lærlingar innan helsearbeidarfaget (6 lærlingar) og portørfaget (4 lærlingar). Desse ordningane er finansierte sentralt. Lærlingar innan ambulansefaget blir dekte over klinikkbudsjetta og er difor ikkje inkluderte i denne oversikta.

Stillingar i stab utgjorde 15 prosent av totalbudsjettet. Dette omfattar lønsmidlar til tilsette som arbeider med utdanningsoppgåver, mellom anna utdanningskoordinerande overlege, rådgivarar og fagutviklarar i klinikk. Fagutviklarane blir frikjøpte for å bidra til simuleringsarbeid gjennom VirtSim. VirtSim disponerte i 2025 totalt 150 000 kroner til vidareutvikling av simuleringstenesta, inkludert kompetanseheving og innkjøp av forbruksmateriell til ferdigheitstrening.

Den siste posten i budsjettet er utdanningsstøtte på sengepost. Denne dekker frikjøp av sjukepleiarar i siste semester av deltidsutdanningar som starta i 2023, innan blant anna stomi, urologi, nevrologi.

For fordeling av utdanningsmidlar i 2025, sjå tabell under.

Tabellen viser fordeling av utdanningsmidlane i Helse Møre og Romsdal

I tillegg fekk HMR tildelt 300 000 kroner gjennom det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Midt‑Norge RHF og universitets- og høgskulesektoren. Midlane skulle lysast ut som såkornmidlar for å styrkje kvalitet og kapasitet innan rettleiing. Midlane gjekk til frikjøp av tilsette for praksisrettleiarutdanning, ferdigheitstreningsprosjekt på sengepost, og fagleg kompetanseheving.

Eitt prosjekt fekk tilslag på regionale utdanningsmidlar: Utvikling av Klinisk Utdanningsenhet (KLUe) ved intensivseksjonen på Ålesund sjukehus, i samarbeid med NTNU Ålesund.

Samla sett bidrog føretakets og Helse Midt-Norges midlar til å vidareføre utdanningssatsinga i HMR, men nivået på finansieringa ligg framleis lågt sett opp mot nasjonale forventningar og framtidig kompetansebehov.

Utdanningsarbeidet i 2026

Arbeidet med utdanning i 2026 er godt i gang. Som ein del av det pågåande omstillingsarbeidet i føretaket blei budsjettet for utdanningsstillingar og lærlingar redusert med om lag fem millionar kroner frå 2025 til 2026. Dette gir eit vesentleg lågare økonomisk handlingsrom for utdanningstiltak i føretaket framover.

På trass av reduksjonen vil HMR kunne lyse ut noko fleire nye utdanningsstillingar i 2026 enn i 2025. Årsaka er at forpliktingane frå tidlegare år er vesentleg lågare enn normalt – 2025 hadde det lågaste talet nye utdanningsstillingar på fleire år.

Tilbake til årsmelding for forsking og utdanning 2025

Maŋemus ođastuvvon 2026-05-13