Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Om Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har om lag 2000 tilsette og er det nye fellessjukehuset for innbyggarane på Nordmøre og i Romsdal.

SNR er det nye fellessjukehuset for innbyggjarane på Nordmøre og i Romsdal, som offisielt vart opna 2. juni 2025. Sjukehuset er ei samanslåing av dei tidlegare sjukehusa i Molde og Kristiansund, og dekker eit nedslagsfelt på 120 000 innbyggjarar. SNR består av akuttsjukehuset SNR Hjelset, og eit distriktsmedisinsk senter, SNR Kristiansund. SNR Hjelset ligg på Hjelset i Molde kommune, 17 km aust for Molde sentrum, og 54 km sør for Kristiansund sentrum. Akuttsjukehuset er 60.000 kvadratmeter stort, og har 190 somatiske og 40 psykiatriske sengeplassar.

Ved sjukehuset ligg den einaste nevrologiske avdelinga i fylket, med fylkesfunksjon for all akutt nevrologi utanom hjerneslag. SNR Hjelset har vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, radiologi, pediatri, gynekologi, anestesi, øre-nase-hals, augesjukdommar, nevrologi og vaksenpsykiatri. I tillegg er det poliklinisk tilbod innan barne- og ungdomspsykiatri.

SNR Kristiansund tilbyr dagkirurgi og polikliniske konsultasjonar til innbyggjarane på Nordmøre innanfor dei fleste fagområde, som også inkluderer kreftpoliklinikk, dialyse, blodbank og biletdiagnostikk.   

Nordvestlandet

Frå sjukehuset er du like ved spektakulære fjell og fjordar, som gir uendelege moglegheiter for eit heilårs friluftsliv. Det er også eit rikt kulturliv i heile regionen, mellom anna i «Operabyen» Kristiansund, «Rosenes by» Molde og «Tindehovudstaden» Åndalsnes. Av kjende attraksjonar og arrangement kan vi nemne Atlanterhavsvegen, Trollveggen, Trollstigen, Romsdalsgondolen, den kjende fjellturen Romsdalseggen, Nord-Europas høgaste foss Mardalsfossen, fiskevêr langt ute i havgapet som Ona, Grip og Veiholmen, Europas eldste jazzfestival Moldejazz, Festspillene i Kristiansund, Bjørnsonfestivalen i Molde, Raumarock og Norsk Fjellfestival i Åndalsnes.Det er flyplassar i både Kristiansund og Molde, med daglege avgangar til Oslo og Bergen, og dessutan nokre charteravgangar. Ein kan også komme seg til Oslo med buss til Åndalsnes og Raumabanen vidare.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal kan by på følgjande spesialistutdanningar:

Maŋemus ođastuvvon 2025-07-28